Vestleg mote viser til føringsliner for klede og utsjånad med opphav i vestleg kultur, opphavleg i Europa og seinare også i Nord-Amerika, med USA som retningsgjevar. Gjennom koloniseringstida og den vestlege dominansen i verda sidan har vestleg mote spreidd seg og på ulike måtar blitt del av klestradisjonar også i ikkje-vestlege land. Av og til har vestleg mote blitt påtvinga folk i slike stader, andre gonger har han blitt avvist eller forboden.

Amerikansk mannsmote i 1899. Den moderne dressen er blitt utbreidd over heile verda.
Historisk europeisk mote frå 1500-talet til 1880.

Historie endre

Innan europeisk drakthistorie kan mote seiast å ha oppstått i seinmellomalderen, då ein tok i bruk skreddarsydde plagg som dekte og omforma kroppen etter visse skiftande reglar.[1] Mannsklede endra seg då raskare enn kvinneklede, i lag med at ein fekk skreddarlaug som utvikla nye syteknikkar, nye materiale frå Austen som silke og fin lin, og nye impulsar knytt til pynt og fargebruk.[2]

Ein skilde som regel mellom manns- og kvinneklede ved at menn hadde synlege bein kledd i ulike former for hoser og bukser, medan kvinner dekka dei til med lange skjørt. Reglane for klede for overkroppen kunne vera meir vekslande. Moten og endringar i han blei først spreidd av rike og adelege ved hoff og i byar, og av skreddarane deira. Etter framveksten av trykking blei han også spreidd gjennom media.[1]

Kvinneklede blei stadig meir visuelt komplekse og vekslande samanlikna med mannsklede frå slutten av 1600-talet, og underklede som forma kroppen og silhuetten etter ulike ideal blei ein viktig del av moten. På slutten av 1800-talet byrja dei å bli enklare, skjørtelengden blei kortare og kvinner byrja bruka klede som tidlegare hadde vore reserverte for menn.[1]

På 1800-talet hadde ein utvikla ei ny forståing for proporsjonane til mannskroppen, og dette gjorde at amerikanske klesprodusentar kunne masseprodusera klede etter standardmål, til dømes dongeribukser, kjeledressar, skjorter og etterkvart også dressar. På 1900-talet blei det også stadig vanlegare med masseproduserte klede for kvinner.[1]

Skreddarsydde klede blei likevel verande eit ideal for dei rike, og frå midten av 1900-talet blei såkalla haute couture ein viktig del av motebildet. Den vestlege moten hadde eit senter i Paris, men blei etterkvart også påvekra frå Italia, Storbritannia og USA.[1]

Utbreiing endre

 
Brudepar på Taiwan i 1931. Brudgommen ber vestleg mote (smoking), brura plagg som kan vera inspirerte av vestleg og lokal mote.

Kontakt, kolonisering og misjonering har spreidd vestleg mote til store delar av verda, og gradvis fortrengd eller omforma lokale klesnormer. Ved nokre høve har han ført til danninga av ein ny hybridstil, påverka av den vestlege moten på det tidspunktet han blei introdusert, og av lokale tilhøve.

På Hawaii blei til dømes lange kjolar i edvardiansk stil innført frå 1820-talet av, då misjonærar kom til øya. Misjonærane meinte at kristne dei hadde konvertert måtte dekka til kroppen mykje meir enn dei hadde gjort før, både heime og ute. Kjolane blei raskt gjort lettare og lausare for å passa til det lokale klimaet, og blei ein del av nasjonaldrakten. Kjolane, kjende som holoku, følgjer framleis konvensjonar frå 1800-talsmoten, og skil seg dermed frå moderne vestleg mote.[3]

Vestleg-inspirerte plagg blei delvis tekne i bruk i Thailand frå 1860-åra, i lag med at landet blei opna for Vesten. På oppfordring frå kongen byrja folk ved hoffet å dekka overkroppen, som tidlegare hadde vore bar, og bytta ut draperte plagg med skreddarsydde klede.[4] Tradisjonell drakttradisjon blei sett til side for alle thaiar til fordel for vestleg draktskikk gjennom eit offisielt edikt frå 1941-1942.[5]

Moderniseringa av Tyrkia under Mustafa Kemal Atatürk innebar eit skifte bort frå plagg brukte under Det osmanske riket som signaliserte rang, yrke og religion. Atatürk innførte i staden vestlege plagg for menn ved ulike forordningar, som Hatteloven av 1925 og loven om forbodne klesplagg av 1934. Tradisjonelle hovudplagg som fess blei avskaffa,[6] medan vestleg dress med hatt til blei innført i staden.[7]

I dag er ulike former for vestleg mote utbreidde over store delar av verda. Dressen er blitt kalla ein uniform for kapitalismen, brukt av menn innan politikk, forretningar og finansverksemd over heile verda.[8] Skjorte, skjørt og kjole og mindre formelle klede, som t-skjorte, dongeribukse, kortbukse og tights, er også utbreidde klesplagg med utgangspunkt i vestleg mote.

Reaksjonar endre

 
Lokalt inspirert mote ved Bollywood Fashion Awards i 2006.

Samfunn som set seg sjølv opp som motstandarar av vestleg kultur eller forkjemparar for sin eigen vil ofte prøva å innskrenka eller stoppa påverknaden frå vestleg mote.

Sidan den islamske revolusjonen i 1979 i Iran har ein til dømes brukt lovverket til å gå imot ulike former for vestleg mote, og i 2007 kom det til dømes ut retningsliner som forbaud sminke, plukking av augebryn eller bruk av hårgelé for menn hjå frisørar.[9] I det kommunistiske Nord-Korea er vestleg utsjånad i form av piercingar, dongeribukser, korte skjørt og vestlege frisyrar forbodne.[10]

Bhutan har hatt påbod om å bruka tradisjonelle klede - gho for menn og kira for kvinner - i det offentlege sidan 1989, med bøter om ein ikkje gjer det.[11] Men ein kan også gå bort frå vestleg mote utan tvang. I India har luksusmote gått frå å vera dominert av vestlege motehus til å bruka lokale designerar og drakttradisjonar i takt med at landet har fått auka nasjonal sjølvtillit.[12]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Blakemore, Colin; Jennett, Sheila (2001), «clothes», The Oxford Companion to the Body, Oxford University Press 
  2. Blakemore, Colin; Jennett, Sheila (2001), «fashion», The Oxford Companion to the Body, Oxford University Press 
  3. Linda Boynton Arthur, History of Hawaiian Holoku 
  4. Peleggi, Maurizio (2010). Mina Roces, red. The Politics of Dress in Asia and the Americas. Sussex Academic Press,. ISBN 9781845193997. , oppgjeve i History of Thai clothing
  5. The Royal Gazette, Vol. 58, Page 113. 21 January B.E. 2484 (1941). Henta 4. juni 2010, oppgjeve i Thai cultural mandates.
  6. Deringil, Selim (January 1993). «The Invention of Tradition as Public Image in the Late Ottoman Empire, 1808 to 1908». Comparative Studies in Society and History 35 (1): 9. 
  7. Mustafa Kemal Atatürk og Atatürk's Reforms på Engelsk Wikipedia, henta 4. januar 2018.
  8. «Suitably dressed», The Economist, 16. desember 2010 
  9. Anne Tønnesen (29.04.2007). «Iranere advares mot vestlig hår». p4.no. 
  10. Kenneth Fossheim (19.04.2016). «Her er Kims nye moteregler». tv2.no. 
  11. «Country profile – Bhutan: a land frozen in time». BBC News online. 9. februar 1998. Henta 1. oktober 2010. 
  12. Marianne Nordahl (02.09.2013). «Fra vestlig mote til indisk ekstravagansa». forskning.no.