Vestre Jakobselv kyrkje

kyrkje i Vadsø kommune
(Omdirigert frå Vestre Jakobselv kapell)

Vestre Jakobselv kyrkje, tidlegare Vestre Jakobselv kapell, står i Vestre Jakobselv i Vadsø kommune i Finnmark fylke, og er ei langkyrkje frå 1940. Ho er teikna ved kontoret til Statens bygningsinspektør og er bygd i tre. Teikningar laga til Kronprins Olavs og Kronprinsesse Märthas kapell i skogsbygda Tørberget i Trysil kommune vart gjenbrukte.

Vestre Jakobselv kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Vadsø
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Varanger
Sokn Vadsø
Fellesråd Vadsø
Type Langkyrkje
Arkitekt Kontoret til Statens bygningsinspektør
Material Tre
Innvigd 12. august 1940
 •  Endringar Påbygd i 1976
Takryttar Over hovudinnganen i vest
Sitjeplassar 90
Kart
Vestre Jakobselv kyrkje
70°06′42″N 29°20′12″E / 70.11159°N 29.33657°E / 70.11159; 29.33657
Wikimedia Commons: Vestre Jakobselv kirke
Vestre Jakobselv kyrkje is located in Finnmark
Plasseringa til Vestre Jakobselv kyrkje

Inventaret i kyrkja er frå byggeåret eller seinare.

Vestre Jakobselv kyrkje høyrer til Vadsø kyrkjesokn i Varanger prosti.

Kyrkja kom uskadd frå krigen, men vart ei tid brukt som sjukehus til erstatning for Vadsø sjukehus.[1]

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. Arne Fjellbu: Minner fra krigsårene. Forlaget Land og kirke, Oslo 1945

Bakgrunnsstoff

endre