Dei nordrussiske høgdene

Dei nordrussiske høgdene (russisk: Северные Увалы – Severnyje Uvaly) er eit 600 km langt høgdedrag nord i den europeiske delen av Russland, med høgaste punkt på 294 moh.

Dei nordrussiske høgdene strekkjer seg frå midt på Uralfjella i aust, til det vidstrakte dalføret til øvre Volga i sørvest. Dei ligg sør for Det nordrussiske låglandet og er ein del av Den austeuropeiske sletta. Landskapet i dei tynt folkesette nordrussiske høgdene er slipt og forma av ismassane under istida og er kjenneteikna av skogkledde åsar, bergknausar, barskog og myrer.

Høgdene dannar vasskiljet mellom nedslagsfelta til Nordre Dvina i nord og Volga i sør. Mot nord renn Dvina sine sideelvar Sukhona, Jug, Luza, Sysola og Vytsjegda og mot sør renn Kama, Vjatka, Moloma, Vetluga og Unzja.

Kjelder endre