For fiskereiskapen ruse, sjå teine

Ruse (bulgarsk Русе, òg skrive Rousse eller Russe, tidlegare kalla Rusttsjuk) er ein by og ein kommune i provinsen Ruse i Bulgaria, og hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar byane Ruse og Marten, i tillegg til 12 andre busetnader.

Ruse
Русе
Kommune
Collage-ruse.png
Våpenskjold
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Provins Ruse
Høgd 29 m
Areal 568,145 km² [1]
Folketal 167 585 (2011) [2]
Folketettleik 294,97 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
Postnummer 7000
Retningsnummer 082

Ruse
43°50′51″ N 25°57′16″ E
Ruse kommune i provinsen Ruse
Ruse kommune i provinsen Ruse
Wikimedia Commons: Rousse
Nettstad: obshtinaruse.bg

Ruse er den femte største byen i Bulgaria og ligg nordaust i landet på høgre sida av elva Donau, ovanfor den rumenske byen Giurgiu på andre sida. Han ligg 320 km frå hovudstaden Sofia og 200 km frå den bulgarske kysten av Svartehavet. Byen er den viktigaste elvehamnebyen i Bulgaria, og spelar ei viktig rolle innan internasjonal handel i landet.

Ruse er kjend for sin arkitekturstil frå 1800- og 1900-talet i nybarokk og nyrokokkostil, som trekkjer til seg mange turistar. Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse kryssar elva like ved, den einaste brua som kryssar Donau mellom Bulgaria og Romania.

Areal og folketalEndra

Kommunen har eit areal på 568 km2.[1] Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 167 585 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 149 642 innbyggjarar.[2]

Til storbyområdet for Ruse høyrer heile kommunen Ruse i tillegg til kommunen Ivanovo.[3] Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 177 014.[2]

Dei største busetnadene i kommunen er:[2]

Busetnad Bulgarsk namn Folketal (2011)
Ruse Русе  149 642
Marten Мартен  3 662
Nikolovo Николово  2 942
Tetovo Тетово  2 017
Tsjervena voda Червена вода  1 433
Basarbovo Басарбово  1 386
Sandrovo Сандрово  1 342
Văzăn Бъзън  1 223
Novo selo Ново село  1 157
Semerdzjievo Семерджиево  1 045

HistorieEndra

 
Romersk utskjering funnen i Ruse.

Dei tidlegaste spora etter busetnad i området stammar frå 2-3000 år f.Kr. Romarane grunnla i byrjinga av 100-talet hamnebyen Sexaginta Prista. Han hadde som oppgåve og verne den nordlege grensa av Romarriket frå folk som levde nord for Donau.

Byen eksisterte fram til 400-talet. Seinare oppstod busetnaden «Tsjerven» ved Rusenski Lom sør for noverande Ruse, og denne eksisterte fram til osmanarane overtok området. Rundt 1400-talet byrja den noverande byen å vekse, og fekk ein strategisk og økonomisk status for osmanarane, og vart ein viktig del av festningssystemet i dei nordlege provinsane av Det osmanske riket.

På andre halvdelen av 1800-talet var Ruse sete for ein stor administrativ region (Tuna-Vilaet) og residens for Mitchat Pascha. «Rustjuk», som byen då heitte, utvikla seg til eit handelssentrum og ein sterk festning. Fleire europeiske konsulat opna, og hotell, skular og eit bibliotek vart oppretta.

Byen utvikla seg raskt på grunn av båttrafikken på Donau og gjennom den første jarnbanelinja i landet, som gjekk frå Ruse til Varna og vart opna 7. november 1866. Dette vart den første endestasjonen for Orientekspressen. I 1878, året då Bulgaria reiv seg laus frå det osmanske styret, hadde Ruse over 26 000 innbyggjarar og var den største byen i Kongeriket Bulgaria.

KulturEndra

TeaterEndra

Ruse har eit teater, eit operahus og eit symfoniorkester.

MuseumEndra

Byen har eit historisk museum, eit naturvitskapleg museum, eit trafikkmuseum og eit kunstgelleri.

 
«Pantheon for gjenfødde heltar» i Ruse.

ByggverkEndra

I sentrum av byen ligg mange hus frå barokken og renessansen. Viktige nasjonale bygg er mellom anna folketeateret Sava Ognjanov, kunstgalleriet, biblioteket, musikkskulen, domstolsbyggningen og den katolske kyrkja. Ovanfor rådhuset står Fridomsmonumentet (av den italienske skulptøren Arnoldo Zocchi).

Ved breidda av Donanu ligg eit 22 etasjar høgt hotell, og frå her har ein god utsikt over byen, elva Donau, hamna og til Romania. Like ved hotellet står eit monument over hærføraren Stefan Karadzja.

Det største monumentet i Ruse er «Pantheon for gjenfødde heltar», der 30 vidkjende fridomsheltar ligg gravlagd. Ved den nye jarnbanestasjonen ligg eit festningstårn frå den osmanske tida. Ruse har til og med eit 210 meter høgt TV-tårn med utsiktsplattform.

OmgjevnadEndra

Nord for Ruse, om lag seks kilometer frå sentrum av byen, ligg den såkalla «Venskapsbrua», som med ei lengd på 2,8 kilometer er den lengste stålbrua i Europa. Den har to etasjar, ein for bilar og ein for jarnbane. Brua vart bygd i 1954 og restaurert i 2003.

Elleve kilometer mot aust ligg skogsparken Lipnik med hotell og idrettsanlegg.

Ikkje langt frå byen, nær Ivanovo, ligg Naturparken Rusenski Lom med Klippekyrkjene i Ivanovo, som står på UNESCO si verdsarvliste.

 
Elvetrafikk på Donau ved Ruse.

Økonomi og infrastrukturEndra

Ruse er ein industriby (jordbruksprodukt, maskinbygging, konstruksjon av elvebåtar med meir). I omgivnadane rundt byen vert det produsert sukkerbitar og vindruer.

KommunikasjonEndra

Ruse har den største hamna ved Donau i Bulgaria, og ein flyplass. Byen er eit knutepunkt for jarnbane og vegtrafikk. Over brua til Giurgiu vert det transportert ein god del eksport- og importvarer. Mange turistar nyttar brua.

UtdanningEndra

Ruse har ein høgskule for maskinkonstruksjon og jordbruk.

Kjende personar frå RuseEndra

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  3. Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ruse