Opna hovudmenyen
Starten på eit tågarbeid
Foto: Andreas Vartdal

Tågarbeid er ei form for husflid der ein lagar korger og liknande gjenstandar ved binding med lange, jamtynne røter, eller tåger, oftast av bjørk, gran eller einer. Når ein lagar korger av stivare materiale som peddig, pil, spon eller halm, må ein bruke fletteteknikk. Tynne røter er for mjuke til fletting, og det har vorte utvikla ein bindeteknikk, som liknar på sying. Denne teknikken er gamal. Det er funne restar av tågbinding i Osebergskipet.

MaterialeEndra

Til dekorative gjenstandar vert det helst brukt bjørkerøter som ikkje bør vere tjukkare enn ein blyant. Til særleg fint arbeid vert tæger heilt ned til 1 mm nytta. Til større og grovare korger vert det helst brukt gran. Ein kan sanke tæger frå sevja går om våre og til frosten kjem. Beste røtene fin ein i nærigsfattig mosemyr. Her kan ein finne røter opp til 15 meter. På næringsrik jord vert røtene tjukka og korte. Steinete jord gjev ujamne røter.

Etter sanking må tægene reinskast for bark og never. Det må ein gjere før dei turkar.

ReiskaparEndra

Viktigaste reiskapen under tågarbeid er ein skarp kniv og ein beinpren. Prenen vert brukt il å lage hol for bindetåga. Ein vil og ha bruk for pinnar av ulik utforming.

BindingEndra

Eit tågarbeid vert oppbygd av to tæger; innleggståga og bindetåga. Innleggståga er rund, medan bindetåga kan vere kløyvd. Innleggståga vert lagd i ein spiral som vert bunden til omfaret innanfor med bindetåga. Når ein skal binde må tægene bløytast. Særleg gjeld dett bindetåga. Ein kan gje arbeidet ulikt skap ved endre på måten ein legg innleggståga og korleis ein syr og knyter bindetåga.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • Arvid Walla:Vi binder med tæger. En gammel teknikk.(NKS-forlaget 1976)