Opna hovudmenyen

Vigfus Viga-Glumsson (Vigfúss Víga-Glúmsson) var ein islandsk skald som levde omkring år 1000. Han kan ha vore fødd om lag 955 og døydde truleg etter 1015.

Vigfus Viga-Glumsson
Fødd 950-åra (juliansk)
Yrke skald, lyrikar
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Far hans var Viga-Glum Eyolfsson[1] (Draps-Glum), om han finst det ei eiga soge: Víga-Glúms soga[2]. Vigfus er omtala både i denne soga og i to andre islandske soger: Tåtten om Ogmund Dott[3] og Soga om Ljosvetningane[4]. Han er òg nemnd i Soga om Olav Tryggvason, Jomsvikingsoga og i Fagerskinna.

Vigfus blir skildra som ein djerv mann, men uroleg av karakter og særs stridbar. På grunn av eit manndrap på Island, vart han dømd fredlaus i nokre år. Han drog då til Noreg, der han slutta sig til Håkon jarl. Skaldatal[5] nemner han som skald hos Håkon jarl og truleg var han seinare skald hos Eirik jarl. Han var med i slaget i Hjørungavåg (Jomsvikingslaget) i 986, der han gjorde dette diktet:

God leik er for oss i vente,
heime ligg kvinnevenen;
sverdstrid sterkt seg nærmar;
den kvinnekjære seg hyggjer,
lunt under kvinnearm.
Vi steller våre spyd,
annan strid han seg ventar.
Oss es leikr, en lauka
liggr heima vinr feimu,
— þryngr at Viðris veðri
vandar — góðr fyr hǫndum.
Hlýs kveðk hœlis bósa
— hann væntir sér annars —
vífs und vǫrmum bœgi
— vér skreytum spjǫr — neyta.

Vigfus var truleg òg med Eirik jarl i slaget ved Svolder, men deretter ser det ut til at han reiste attende til Island for godt. Han er nemnd som stamfar for ei mektig slekt i Øfjorden på Island. Når han døydde er ikkje kjent.

Kjende dikt av Vigfus Viga-Glumsson er Dikt om Håkon jarl og Lausavise (sjå ovanfor).

ReferansarEndra

  1. Landnåmabok om Viga-Glum, sjå 70.kafli
  2. Vigaglums Saga dansk tekst frå heimskringla.no
  3. Tåtten om Ogmund Dott dansk tekst frå heimskringla.no
  4. Soga om Ljosvetningane dansk tekst frå heimskringla.no
  5. Skaldatal frå heimskringla.no

BakgrunnsstoffEndra

Dikt av Vigfus Viga-Glumsson