Vigra kyrkje

kyrkje i Noreg

Vigra kyrkje er soknekyrkje i Vigra sokn i Den norske kyrkja.[1][2] Kyrkja står på Blindheimsreset på Vigra i Giske kommune og er ei langkyrkje frå 1894.[3] Arkitekt for bygget var Gabriel Smidth.[1]

Vigra kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre bispedøme
Prosti Nordre Sunnmøre prosti
Sokn Vigra sokn
Fellesråd Giske kyrkjelege fellesråd
Type langkyrkje
Arkitekt Gabriel Smidth[1]
Material tre
Innvigd 24. januar 1894[2]
Kyrkjegard ved kyrkja
Altartavle Ukjent kunstnar[2]
Orgel 1975, Paul Ott[2]
Sitjeplassar ca. 500[2][1]
Kart
Vigra kyrkje
62°33′49″N 6°04′36″E / 62.5635°N 6.0767°E / 62.5635; 6.0767
Wikimedia Commons: Vigra kirke

Kyrkja er truleg minst den fjerde i rekkja på Vigra.[2] Dei førre stod på Roald.[3]

Inventar og interiør

endre

Motivet for altertavla er Jesus som går på vatnet. Kunstnaren er ukjend.[2]

I kyrkja er teke vare på altartavla og preikestolen frå den førre kyrkja, begge laga av bygdekunstnaren Tavle-Jakob frå Giske.[2] Eit gamalt steinaltar frå mellomalderen er også i kyrkja.[2]

Kyrkja har sitjeplassar til kring 500 personar.[2][1]

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 ««Vigra kyrkje»». kyrkjesøk.no. Henta 22. september 2013. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 ««Vigra kyrkje»». Nettstaden til Giske kyrkjelege fellesråd. Henta 22. september 2013. 
  3. 3,0 3,1 ««"Kyrkjeørnå" på Roald»». kulturminneatlas.avinet.no (Møre og Romsdal fylke). Henta 22. september 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre