Vigra sokn
62°33′49″N 6°4′41″E / 62.56361°N 6.07806°E Vigra sokn er eit kyrkjesokn i Møre bispedøme i Den norske kyrkja.[1] Det ligg under Nordre Sunnmøre prosti[1], og femner øya Vigra i Giske kommune.
Soknekyrkje for området er Vigra kyrkje frå 1894[2][3] på Blindheimsreset.[4] Før ho vart bygd låg kyrkjestaden for Vigra på Roald[4][5], og soknet heitte tidlegare Roald sokn.[6] Roald går attende til mellomalderen som kyrkjestad[4][5]. Det tidlegaste ein finn nemnd ei kyrkje på Vigra er i 1429[7][8], men det er nemnd ein prest på Vigra («sira Lodne i Vigr») alt i 1291.[7][4][9]
Vigra sokn høyrde til Borgund prestegjeld til 1702 då soknet vart skild ut som del av Haram prestegjeld.[10] Haram og Vigra hadde frå 1589 vore eige kappelani under Borgund.[10] I 1966 vart Giske prestegjeld danna av Vigra sokn og Giske sokn[10], og Vigra høyrde til Giske prestegjeld til prestegjeldsordninga vart fasa ut frå 2004.
Området var eigen kommune frå 1890 til 1964, fyrst kalla Roald herad, sidan Vigra kommune.[11]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 ««Vigra kyrkjelyd»». Nettstaden til Den norske kyrkja. Henta 22. september 2013.
- ↑ ««Vigra kyrkje»». kyrkjesøk.no. Henta 22. september 2013.
- ↑ ««Vigra kyrkje»». Nettstaden til Giske kyrkjelege fellesråd. Henta 22. september 2013.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 ««"Kyrkjeørnå" på Roald»». kulturminneatlas.avinet.no (Møre og Romsdal fylke). Henta 22. september 2013.
- ↑ 5,0 5,1 ««Kyrkjehaugen»». kulturminnesok.no (Riksantikvaren). Henta 22. september 2013.
- ↑ ««Skannede kirkebøker, Møre og Romsdal»». digitalarkivet.no. Henta 22. september 2013.
- ↑ 7,0 7,1 Kristian Gleditch (1964). «Vigra». I Arnulv Sudman. Norsk allkunnebok X. Oslo: Fonna. s. 1084.
- ↑ «Diplomatarium Norvegicum (volumes I-XXI) Nummer: 724.». Dokumentasjonsprosjektet. Henta 1. oktober 2013. «(...) Synese som lighr j Mariw kirkiu sokn i Wighr (...)»
- ↑ «Diplomatarium Norvegicum (volumes I-XXI) Nummer: 30.». Dokumentasjonsprosjektet. Henta 1. oktober 2013. «(...) sira Lodne i Vigr (...)»
- ↑ 10,0 10,1 10,2 ««Kirkebøker, Møre og Romsdal»». Nettstaden til Arkivverket, via webarchive.org. Henta 22. september 2013.
- ↑ ¨Dag Juvkam. ««Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen»» (PDF). Statistisk sentralbyrå. s. pp. 58-64.
Bakgrunnsstoff
endre- Om Vigra kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- Nøkkeltal om Vigra sokn i Kyrkjedatabasen Arkivert 2013-10-20 ved Wayback Machine. (Norsk sammfunnsvitenskapelig datatjeneste)
- kyrkjevalet.no: «Vigra sokn»
- Forvaltningsdatabasen: «PRESTESKAPET I GISKE, VALDERØY OG VIGRA SOKN» Arkivert 2013-10-20 ved Wayback Machine.
- Skanna kyrkjebøker. Digitalarkivet Arkivert 2015-09-23 ved Wayback Machine.
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og geistleg inndeling