Opna hovudmenyen

Jakob Sørensson Giskegaard[1] (12. oktober 17343. juli 1827), betre kjend som Tavle-Jakob, var ein norsk biletkunstnar og treskjerar frå GiskeSunnmøre.[2]

Tavle-Jakob
Fødd 1734
Giske
Død

2. juli 1827
Vigra

Yrke treskjerar, kunstmålar

Tavle-Jakob var fødd på eit leiglendingsbruk under storgarden Giske. 22 år gamal fekk han i oppgåve å lage ny altartavle i Giske kyrkje. Han mangla reiskapar til å skjere i tre, og tok difor i bruk nokre ljåspissar som han omforma til knivar.

Etter han gifta seg i 1766 dreiv han eit bruk på garden Klokkarsund i Borgund. Kring 1778 måtte han gå frå garden. Han budde så fram til 1781 på Alnes i Giske, der kona var i frå. I 1782 budde han i Steinvågen, nær sentrum i den seinare byen Ålesund. Ved folketelijinga 1801 budde han på garden Giske att, der to av sønene var i ferd med å slå seg ned som leiglendingsbønder. Jakob flytta noko etter til garden Roald på øya Vigra, der han fekk seg eit lite stykke jord.

Forutan å ha stått for mykje av interiøret i Giske kyrkje, skar han fem altertavler til fem kyrkjer på Sunnmøre, attåt ei i Romsdal. Han stod bak altertavler til Vigra kyrkje, Vatne kyrkje, Skodje kyrkje og Sandøy kyrkje.[2] Den siste tavla gjorde han seg ferdig med då han var over 80 år gamal. Ved sidan av desse lagde Tavle-Jakob også ei rekkje epitafium, almissebøsser og lause figurar.[3]

Tavle-Jakob døydde som fattiglem på Roald i 1827.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Jakob Sørensen Giskegaard - ( Bildekunstner ) Kulturnett.no
  2. 2,0 2,1 Norsk kunstnerleksikon, b.A-G, Jacob Sørensen Giskegaard side 741 digital utgave
  3. Harald Grytten (2009). «Tavle-Jacob si altertavle i Skodje kyrkje». Skodje Kyrkje 1860-2010. Årsskrift for Skodje Sogelag 2009. Skodje. s. 53. ISBN 978-82-991414-2-0. 

BakgrunnsstoffEndra