Vikedal kyrkje
kyrkje i Vikedal kommune
Vikedal kyrkje er ei langkyrkje frå 1881 i Vindafjord kommune i Rogaland fylke. Kyrkja er oppført etter ei typeteikning av Jacob Wilhelm Nordan og har 400 sitjeplassar.
Vikedal kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jan-Tore Egge | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Haugaland | ||
Sokn | Vikedal | ||
Fellesråd | Vindafjord | ||
Arkitekt | Jacob Wilhelm Nordan | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1881 | ||
• Endringar | Påb. 1973 | ||
Tårn | I vest | ||
Kor | Rett avslutta | ||
Klokker | 2: ca. 1300 og 1914 (O. Olsen & Søn) | ||
Kyrkjegard | Ja | ||
Preikestol | (1881) | ||
Døypefont | (1950) | ||
Altartavle | (1654) | ||
Orgel | Gangfløt (1981), Olsen & Jørgensen (1916) | ||
Sitjeplassar | 400 | ||
Vikedal kyrkje 59°29′50″N 5°54′34″E / 59.49722222°N 5.90944444°E | |||
Wikimedia Commons: Vikedal kirke |
Det har vore kyrkje i Vikedal sidan mellomalderen.[1] Dei tidlegare kyrkjene stod lengre sørvest. Mellomalderkyrkja (truleg ei stavkyrkje) vart avløyst av ei tømmerkyrkje i 1670. Denne vart riven eit par år etter at dagens kyrkje vart teken i bruk.
Kjelder
endre- Alf Henry Rasmussen (1993). «Vikedal kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 416. ISBN 82-75-27022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- Vikedal kyrkje på Kyrkjesøk
- Vikedal kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Jan Brendalsmo: Middelalderske kirkesteder i Rogaland Arkivert 2018-09-03 ved Wayback Machine. (Riksantikvaren, 2016), s. 138–139
Fotnotar
endre- ↑ Kulturminnesøk om den gamle kyrkjestaden