Musikkfolkehøgskolen Viken

(Omdirigert frå Viken folkehøgskole)

Koordinatar: 60°46′56.6″N 10°41′56.5″E

Musikkfolkehøgskolen Viken, også kjend som Viken folkehøgskole, er ein kristen folkehøgskuleGjøvik.

Musikkfolkehøgskolen Viken
SkuletypeFolkehøgskule
Grunnlagt1901
FylkeInnlandet
KommuneGjøvik
TettstadGjøvik
AdresseØstre Totenveg 120
2816 Gjøvik
RektorSvein Ruud

Skulen fokuserer utelukkande på musikalsk undervisning, og alle elevar som får plass må kunna spela minst eitt musikkinstrument eller bidra med song. Faga er delt inn i linjefag, fellesfag og valfag. Linjene har fastlagde prosjekt og valmoglegheiter. Fellesfaga er felles for alle linjene, blant dei sentrale musikkfag som høyrelære og musikkhistorie. Valfaga omfattar mellom anna besifringsspel, satslære, låtskriving, matlaging og fjellklatring. Alle elevane får undervisning på sitt primære musikkinstrument.

Viken folkehøgskole vart skipa i 1901, fyrste året på Biri under namnet Oplandenes kristelige ungdomsskole. I 1902 vart skulen flytt til Gjøvik under namnet Viken kristelige ungdomsskole. Styrar frå dette året var målmannen Håkon Wergeland, som styrte skulen til 1911. Skulen fekk i 1906 ein frilynt konkurrent i Vestoppland Folkehøgskole, skipa av Olaus Islandsmoen. I 1988 vedtok Viken folkehøgskole å berre tilby musikkrelaterte linjer. Hausten 2013 opna skulen eit nytt musikkbygg og eit nytt internat.

Linjefag ved skulen i 2015:Endra

  • Jazz Pop Rock
  • Crossover Klassisk
  • Lyd – Musikkproduksjon
  • Musikal teater
  • Voice
  • Singer songwriter
  • Musikk bo fritid
  • Ledertrening (2. årskurs)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra