Villarricasjøen (spansk: Lago Villarrica) ligg nord for Villarrica-vulkanen i Araucanía-regionen, Chile. Mot vest ligg byen med same namn og i aust byen Pucón. Sjøen er ein del av elvebassenget Toltén.

Villarricasjøen
innsjø
Kart
Villarricasjøen
39°15′00″S 72°05′00″W / 39.25°S 72.083333333333°W / -39.25; -72.083333333333
Wikimedia Commons: Villarrica Lake

Om sommaren når vasstemperaturen 19 til 22 °C, vanleg temperaturen om vinteren har vore mellom 9 og 10 °C, noko som lettar reinsinga av vatnet. Men i dei siste åra er det registrert mellom 13° og 14° i månadene juni, juli og august, eit teikn på klimaendringar i området.

Innsjøen dekker eit areal på 176 km² og ei elliptisk form, med ei lengste akse på 23 km og den kortaste er 11 km.

Som dei fleste innsjøane i det sørlege Chile, skylder ho opphavet sitt til oppdemminga utført av ein endemorene frå siste istid. Hovudvasskjelda er Pucón-elva, som er eit resultat av samanløpet av elvene Liucura og Trancura , som har opphav i fjellkjeda aust for innsjøen.

Innsjøen har ei enkelt øyden øy kalla Aillaquillén, omtrent 300 meter i diameter på den breiaste delen. Øya er representert som ein historisk arv i våpenskjoldet til byen Villarrica, og ho ligg 3,5 kilometer frå næraste landside og 7,2 kilometer frå porten til byen Villarrica.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Villarricasjøen