61°20′52″N 5°4′12″E / 61.34778°N 5.07000°E / 61.34778; 5.07000

Askvoll kyrkje frå 1863 er den fjerde kjende på staden. Den føree Askvoll-kyrkja brann ned berre tre år etter at ho var innvigd.
Foto: Egil Husabø
Kvammen kapell frå 1977 står i bygda Kvammen ved Førdefjorden.
Foto: Vidar Løkken

Askvoll sokn er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti i Den norske kyrkja. Soknet tilsvarer sidan 2006 Askvoll kommune i utstrekking. Då vart Holmedal sokn og Vilnes sokn slegne saman med gamle Askvoll sokn til eitt sams sokn. Før samanslåinga femnde Vilnes sokn vestre delen av Atløy og øyene utom, med Bulandet og Værlandet, medan gamle Askvoll sokn femnde resten av det som var Askvoll kommune til 1990 og Holmedal sokn omfatta den delen av Askvoll som vart overført frå Fjaler kommune i 1990, det vil seie austre delen av kommunen på nordsida av Dalsfjorden. Før grensebrigdet med Fjaler i 1990 omfatta Askvoll sokn også ein del av området på sørsida av Dalsfjorden. Soknet har tre kyrkjer og eit kapell; Askvoll kyrkje i Askvoll sentrum, Vilnes kyrkjeAtløy, Holmedal kyrkje i Holmedal og Kvammen kapell i Kvammen. Dessutan er Bulandet bedehuskapell i Bulandet, Værlandet bedehuskapell i Værlandet og Stongfjorden bedehuskapell i Stongfjorden vigsla til gudstenestebruk i Den norske kyrkja. Askvoll, Vilnes og Holmedal har alle vore kyrkjestader sidan mellomalderen.

Askvoll sokn grensar i nord til Kinn sokn, Bru sokn og Vevring sokn, i aust til Førde sokn og Bygstad sokn, og i sør til Fjaler sokn og Solund sokn.

Bakgrunnsstoff endre