Vin jaune (fransk for 'gul vin') er ein særmerkt type kvitvin frå Jura i Frankrike. Vinen kan minna om tørr fino-sherry og får eigenskapane sine gjennom å mogna på fat under eit «slør» (voile) av vingjærsopp. Medan vin jaune har mange eigenskapar til felles med sherry, som aromaen, er han ikkje ein sterkvin som sherry. Vinen er laga av savagnin-drua, og nokre av dei beste døma kjem frå vinmarkene ved Château-Chalon AOC. I andre franske vinregionar har ein gjort forsøk med å laga liknande vinar av druer som chardonnay og andre lokale druer med tilsett gjær, til dømes vin de voile frå Gaillac.[1]

Vin jaune med Comté-ost og valnøtter, ein typisk regional serveringsmåte i Jura.

Kjelder endre

  1. J. Robinson (ed), "The Oxford Companion to Wine", Third Edition, p. 750, Oxford University Press 2006, ISBN 0-19-860990-6