Vingelen er no ei lita fjellbygd i Tolga kommune i Nord-Østerdal i Hedmark fylke. Før Røros koparverk i 1644 var ho hovudbygda i noværande Tolga, som oppstod då koparverket i 1666 bygde ei smeltehytte nede ved Glomma.

Vingelen skal vera den høgastliggjande kyrkjebygda i landet.[treng kjelde] Jordbruk har all tid vore næringsvegen. Jordsmonnet er skifer, og seterbruk vert framleis halde i hevd. Bygda har over sju hundre lafta tømmerstuer bygde før 1900. Fleire av dei er frå 1600-talet.[treng kjelde]

BakgrunnsstoffEndra

LitteraturEndra

  • Eystein Eggen: Sogeminner frå heimbygda, 1943