Vinger kyrkje
Vinger kyrkje | |
kyrkje | |
Land | ![]() |
---|---|
Fylke | Hedmark |
Kommune | Kongsvinger |
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja |
Bispedøme | Hamar |
Prosti | Solør, Vinger og Odal |
Sokn | Vinger |
Fellesråd | Kongsvinger |
Type | Krosskyrkje |
Teknikk | Lafteverk (gavlar i bindingsverk) |
Material | Tre |
Innvigd | Januar 1699 |
- Endringar | M.a. 1854–55, 1868–69, 1890-talet, 1963–65 |
Kyrkjegard | Ved kyrkja |
Døypefont | Kleberstein, ca. 1175–1250 |
Altartavle | Krusifiks i ramme |
Orgel | Ålems orgelbyggeri, 2013 |
Sitjeplassar | 450 |
Wikimedia Commons: Vinger kirke | |
Vinger kyrkje er ei krosskyrkje på Kongsvinger i Hedmark fylke. Kyrkja vart oppført i 1697, men vart innvigd fyrst i 1699. Ho avløyste ei mellomalderkyrkje på den andre sida av elva. Kyrkja er like attmed festningen og var i si tid garnisonskyrkje. Det var ekserserplass framfor kyrkja, der det no er parkeringsplass.
Kyrkja har vorte restaurert ei rekkje gonger og inventar skifta ut. I november 2013 vart nytt orgel tatt i bruk.
Nord for kyrkjegarden er eit krematorium frå 1970-talet, det einaste i drift i Hedmark per 2013.
KjelderEndra
- Hæhre, Thorbjørn, red. (1999). Vinger kirke 1699-1999. Fra garnisonskirke til soknekirke. Kirke i 300 år — menighet i 900 år. Vinger menighetsråd. ISBN 82-995091-0-6.
- Storsletten, Ola og Havran, Jiri (2008). Kirker i Norge, bind 5: Etter reformasjonen. 1600-tallet. Oslo: ARFO. s. 102-105. ISBN 978-82-91399-15-7.
BakgrunnsstoffEndra
- Kongsvinger kyrkjelege fellesråd
- Kyrkjesøk — Vinger kirke
- Artemisia.no
- Vis Vinger kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Hedmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.