Vinjeåi er ei elv i Vinje kommune i Telemark.

Vinjeåi
elv
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Vinje
Kart
Vinjeåi
59°34′33″N 7°56′13″E / 59.575858°N 7.936931°E / 59.575858; 7.936931

Elva har utspring frå Vinjevatn, og munnar ut i elva Tokke ved Åmot. I den øvre delen av Vinjeåivassdraget, dannar elvane Flothylåi og Bora dei viktigaste tilløpa og renn gjennom Grungevatnet vidare gjennom Smørkleppåi og ned i Vinjevatn. Frå Venemo i Bordalen vert ein del av vatnet ført gjennom tunnel over til Totak, som er eit magasin for kraftstasjonane Vinje (300 MW, 1003 GWh), med utløp i Vinjevatn, og Tokke (430 MW, 2221 GWh), med utløp i Bandak.

Systemet høyrer til Skiensvassdraget.

Kjelder

endre

«Vinjeåi» i Store norske leksikon, snl.no.