Frimerke frå 1992 som var ei islandsk-norsk-færøysk fellesutgjeving i samband med det omtrentlege 1000 års-jubileet for vinlandsferda og 500-årsjubileet for Kristoffer Columbus.

Vinland er ei nemning for eit landområde funne av Leiv Eiriksson og følgjet hans då dei siglde frå Grønland til austkysten av Nord-Amerika for rundt tusen år sidan. Dei viktigaste kjeldene til det ein veit om Vinland er islendingesogene Soga om Eirik Raude og Grønlendingesoga. Ifølgje sogene låg Vinland sør for Helluland og Markland.

Det finst fleire spekulasjonar om nøyaktig kvar landet låg. Det er funne arkeologiske spor etter norrøn busetnad på L'Anse aux Meadows på nordspissen av Newfoundland og på Baffinøya i Canada som er blitt kopla til omgrepet. New Foundland blir tradisjonelt kalla Littla Helluland, og landet innafor Helluland it Mikla (Store Helluland).[1]

KjelderEndra

  1. «Gustav Storms Studier over Vinlandsreiserne – heimskringla.no», heimskringla.no, henta 19. april 2020 
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.