Opna hovudmenyen
Kart over utbreiinga til vikingtoktene
Rekonstruksjon av vikingbuplass på L'Anse-aux-Meadows

L'Anse aux Meadows tyder Engbukta eller Engskjæret og er ein stad på nordspissen av øya Newfoundland i den kanadiske provinsen Newfoundland og Labrador, kjend for å ha husa vikingar. Restar frå ein vikingbuplass blei oppdaga der i 1960 av ekteparet Helge og Anne Stine Ingstad, han ein kjend norsk oppdagar og ho ein arkeolog.

Dette er den einaste stadfesta arkeologiske vikingbuplassen funnen i Nord-Amerika. Utgravingane avdekte bustader, verktøy og andre hjelpemiddel som verifiserte dateringa til rundt 1000 e.Kr. Spesielt er funnet av eit spinnehjul avgjerande fordi samsvarande gjenstandar tidlegare var funne i utgravingar frå vikingbuplassar i Norden. Det gjorde at L'Anse aux Meadows er identifisert som ein vikingbuplass.

Buplassen, som er 500 år eldre enn Christopher Columbus, inneheld dei tidlegaste europeiske strukturar i Nord-Amerika. Buplassen er plukka ut som ein verdsarvstad av UNESCO, og blir rekna for å vere oppdagaren Leiv Eiriksson si legendariske «Vinland»-busetjing frå rundt år 1000 e.Kr. Temaet er framleis gjenstand for diskusjon blant historikarar.

Klimaet i Newfoundland var den gong monaleg varmare enn i dag. Som det har vorte sagt i sagaen, Leifur drog frå Grønland, for å leite etter landet Bjarni Herjólfsson hadde skildra for han. Han fann eit land som var rikt med druer, laks og med frostfri vinter, og ikkje minst mykje tømmer og ved, som Grønland hadde lite av.

Minst åtte bygningar utgjorde husværa i L'Anse aux Meadows. Der var mellom anna ei smie og eit område for bygging eller reparasjonar av båtar med eiga trelasttomt. Sagaen fortel at Thorfinn Karlsefni leidde eit koloniseringsforsøk med så mange som 125 menn og 15 kvinner, med base i Leifurs sin leir. Reiskapar for strikking og sying er funne, noko som tyder på at også kvinner heldt til på L'Anse aux Meadows.

Buplassen blei ikkje brukt i meir enn to eller tre år. Årsaka til at plassen blei fråflytt er ikkje kjend, men det er føreslått at interne konfliktar, uventa vanskar grunna omslag i vêrtilhøve eller åtak frå innfødde kan vere årsaka.

L'Anse aux Meadows vert òg knytt til legenda frå algonkinarane om eit kongedøme Saguenay med ein folkesetnad av blonde, rike menneske kledde i pels og metall, men dette er berre gissing.

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra

 
Den første offisielle sommardagen på L'Anse-aux-Meadows
 
Rekonstruksjon av landing ved L'Anse aux Meadows i 2000. Foto: Joyce Hill.