Vintners Quality Alliance

Vintners Quality Alliance, eller VQA, er eit sertifiserings- og appellationsystem i Canada som garanterer høg kvalitet og opphav av kanadisk vin produsert i samsvar med systemet i British Columbia og Ontario. Det er likt sertifiseringssystemet i Frankrike (AOC), Italia (DOC) og Tyskland (QmP). VQA-systemet tillèt sub-appellationar, der druene i vinen er frå spesifikke geografiske lokalitetar med ulikt jordsmonn og klima. Dette er i samsvar med konseptet om terroir.[1]

VQA-merke på ei flaske kanadisk icewine.

I tillegg er det andre klassifikasjonar av vin i Canada. British Columbia har ein kategori kjent som "Wines of Distinction" som krev 100 prosent opphav frå British Columbia. Cellared in Canada er ein fullstendig eigen kategori.[2]

 
Ein vingard i Ontario med Niagara Peninsula regional appellation.

I tillegg til dei geografiske opphavskrava, kan VQA-sertifiserte vinar bli laga frå Vitis vinifera druesortar og godkjente hybridar. I British Columbia er VQA-vin i hovudsak produsert på vinifera-druer, medan det i Ontario blir nytta vinifera-sortar og spesielt er det tillate å nytte drua Vidal Blanc, spesielt i produksjonen av kanadisk icewine.[3]

VQA-godkjente vinar kan bli laga med druer frå ei relativt lita avling pr. vinstokk (noko som aukar kvaliteten), dei tilfredsstiller spesifikke sukker- eller brix-nivå ved innhaustinga, og bruken av tilsettingar er regulert. Bruken av visse typar emballasje og innpakking er òg regulert. For å oppnå VQA-sertifisering må vinen testast av sertifiseringsinstansen. Det er ingen standard plassering på flaska for VQA-logoen.

Appellationar

endre

Ontario med sub-appellationar

endre

Total produksjon for Ontario appellationvin er tilnærma 20 000 tonn.

  • Regional Appellations:
    • Regional Appellation - Lake Erie North Shore
    • Regional Appellation - Pelee Island
    • Regional Appellation - Prince Edward County
    • Regional Appellation - Niagara Peninsula (inkluderer alle appellationane under, Canadas største)
      • Collective sub-appellation - Niagara Escarpment (inkluderer dei tre sub-appellationar under)
      • Collective sub-appellation - Niagara-on-the-Lake (inkluderer dei fire sub-appellationar like under)
        • Sub-appellation - Niagara River
        • Sub-appellation - Niagara Lakeshore
        • Sub-appellation - Four Mile Creek
        • Sub-appellation - St. David’s Bench
      • Sub-appellation - Vinemount Ridge
      • Sub-appellation - Creek Shores
      • Sub-appellation - Lincoln Lakeshore
 
Vingard i Okanagan regional appellation i British Columbia.

British Columbia

endre

Total produksjon i 2006 20 000+ tonn.

Det er ingen sub-appellationar i provinsen British Columbia.

Organisasjonar

endre

Sertifisering

endre
 
Kanadisk vin frå British Columbia.

Marknadsføring

endre

Andre organisasjonar

endre

Referansar

endre
  1. J. Robinson (ed) "The Oxford Companion to Wine" Third Edition pg 759 Oxford University Press 2006 ISBN 0198609906
  2. G. Hamiliton "Sale of cheap imports as B.C. wines called 'scandalous'[daud lenkje]" National Post Vancouver Sun, September 20th, 2009.
  3. J. Gordon (ed) Opus Vino pg 126-130, DK Publishing New York 2010, ISBN 756667511

Bakgrunnsstoff

endre