Opna hovudmenyen

Virginia Woolf (25. januar 188228. mars 1941) var ein engelsk forfattar, litterturkritikar og feministisk tenkjar. Ho var med i Bloomsbury-gruppa i London i mellomkrigstida. Ho er kjent som ein modernistisk forfattar som brukte verkemiddel som indre monolog, medvitsstraum og ukronologisk framstilling. Som feministisk tenkjar er ho særleg kjend for utsegna si om at for å skriva treng ei kvinne «pengar og eit eige rom».

Virginia Woolf
George Charles Beresford - Virginia Woolf in 1902 - Restoration.jpg
Fødd 25. januar 1882
Kensington, South Kensington
Død

28. mars 1941
River Ouse

Yrke romanforfattar, essayist, sjølvbiograf, novelleforfattar, dagbokskrivar, litteraturkritikar, forleggjar, skribent, feminist, forfattar
Virginia Woolf på Commons

Innhaldsliste

BakgrunnEndra

 
Julia Stephen med dottera Virginia i 1884.

Virginia Woolf heitte opphavleg Adeline Virginia Stephen og blei fødd i London. Foreldra var Leslie Stephen, ein kjend forfattar og fjellklatrar, og indiskfødde Julia Prinsep Stephen, som hadde vore modell for prerafaelittiske målarar som Edward Burne-Jones. Begge foreldra hennar var enkjefolk og hadde barn frå sine tidlegare ekteskap. Julia hadde tre eldre barn, George, Stella og Gerald Duckworth, medan Leslie hadde ei dotter, Laura Makepeace Stephen, som var rekna som mentalt tilbakeståande og budde med familien til ho flytta på institusjon i 1891. Saman fekk dei to fire barn: Vanessa (1879), Thoby (1880), Virginia (1882) og Adrian (1883). Familien budde i 22 Hyde Park Gate i Kensington i London.

Då Virginia var 13 døydde med eitt mora, og to år seinare døydde også søstera Stella. Etter dette fekk Virginia det første av fleire nervesamanbrot. Ho klarte likevel ta ei utdanning og studerte fag som gresk, latin, tysk og historie ved King’s College London sitt «Ladies’ Department» mellom 1897 og 1901. Gjennom dette kom ho også i kontakt med kvinnesaksforkjemparar som Clara Pater, George Warr og Lilian Faithful.

I 1904 døydde også faren, og Virginia fekk eit så sterkt samanbrot at ho måtte bu på institusjon ei stund. Seinare biografar har også sett dei depressive episodane hennar i samanheng med seksuelt misbruk ho og systera Vanessa skal ha blitt utsett for av dei eldre halvbrørne sine.[1] Woolf leid av stemningslidingar heile resten av livet, men klarte som regel arbeida gjennom dei.

BloomsburyEndra

 
«Abbyssinske fyrstar». Virginia Woolf står heilt til venstre.

Etter faren sin død og Virginia sin andre depresjon kjøpte søskena Adrian og Vanessa huset 46 Gordon Square i Bloomsbury. Her kom dei med i Bloomsbury-gruppa, ei fritenkjande samling kunstnarar og intellektuelle med moderne syn på feminisme, pasifisme og seksualitet. Gruppa blei kjend då ei gruppe leia av Horace de Vere Cole i 1910 framstilte seg som abyssinske fyrstar og fekk ei omvising på marineskipet HMS «Dreadnought».

Vanessa gifta seg med Clive Bell i 1907, og paret si interesse for avantgardekunst fekk stor innverknad på Virginia si utvikling som forfattar. I 1912 gifta Virginia seg med Leonard Woolf. Ekteparet hadde eit sterkt band, men i tråd med gruppa si frie haldning til seksuallivet hadde Virginia også eit tilhøve til Vita Sackville-West store delar av 1920-åra, og skreiv romanen Orlando for henne.

Forfattarskap og depresjonEndra

 
Virginia Woolf måla av Roger Fry i 1917.

Virginia Woolf gav ut skjønnlitteratur og sakprosa som var godt likt av både kritikar og vanlege lesarar. Mykje av arbeidet gav ho ut sjølv på Hogarth Press som ho og ektemannen dreiv. Ho og ektemannen, som var jøde, tala mot den veksande fascismen i Europa på 1930-talet.

I 1941, etter å ha gjort ferdig manuskriptet til sin siste roman, merka Woolf ein byrjande depresjon. Hendingar som andre verdskrigen, øydelegginga av huset hennar i London under Blitzen og den dårlege mottakinga av biografien hennar om den avdøde vennen Roger Fry gjorde alle tilstanden verre, og ho blei ute av stand til å arbeida.

I mars det året enda ho livet sitt ved å gå ut i ei elv med frakkelommane fulle av stein. Leonard Woolf grov oska hennar ned under eit almetre ved huset deira i Rodmell i Sussex.

VerklisteEndra

  • The Voyage Out (1915)
  • Night and Day (1919)
  • Modern Fiction (1919)
  • Monday or Tuesday (1921)
  • Jacob's Room (1922)
  • Mrs. Dalloway (1925), norsk Fru Dalloway (1980)
  • The Common Reader (1925)
  • To the Lighthouse (1927), norsk De drog til fyret (1948) og Til fyret (1995)
  • Orlando: A Biography (1928), norsk Orlando (1993)
  • A Room of One's Own (1929), norsk Et eget rom (1976)
  • The Waves (1931), norsk Bølgene (1998)
  • Flush (1933), norsk Flush, en biografi (1999)
  • The Second Common Reader (1933)
  • The Years (1937)
  • Three Guineas (1938)
  • Roger Fry: A Biography (1940)
  • Between the Acts (1941)
  • The Death of the Moth and Other Essays (1942)
  • A Haunted House and Other Stories (1943), norsk En uskrevet roman : noveller og kortprosa (2005)
  • The Moment and Other Essays (1948)
  • Moments of Being
  • Indiskresjoner og andre essay, norsk (2002)

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Virginia Woolf mintest misbruket i A Sketch of the Past og 22 Hyde Park Gate.

BakgrunnsstoffEndra

 

Originaltekst av Virginia Woolf ved Wikisource.

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Virginia Woolf
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Virginia Woolf
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Virginia Woolf