Vitsetegning er tegne- og illustrasjonskunst der hensikten med teikningen er å mora den som ser han. Ein vitseteikning kan vera med eller utan tekst. Det vil seia at poenget anten kan formidlast gjennom teikningen eller gjennom teksten. Ofte er det eit samspel mellom tekst og bilde. Vitseteikningar finst særleg i blad og aviser og blir laga av avisteiknarar og illustratørar, tekstforfattarar og vitsemakarar.

Vitsetteikningar er nært i slekt med satire og karikatur, men manglar ofte politisk brodd. Her viser den engelske teiknaren George Cruikshank korleis Russland sløkker Napoleon som eit lys i 1814.
«Orsak, sit hatten min rett?» Denne vitseteikningen frå tyske Fliegende Blätter i 1890 leiker med dydig, victoriansk kjønnsmoral og forfengelegskapen til kvinner.
Vitsetteikningar blir også formidla gjennom humoristiske teikneseriar og avisillustrasjonar. Den amerikanske Buster Brown av Richard Outcault byrja i 1903 som ein av dei fyrste avisseriane i verda.

Historikk endre

Humoristiske bilde har lange tradisjonar i kunsthistoria. Underhaldande vitseteikningar for eit massepublikum oppstod fyrst med trykkekunsten på 1500-talet, men voks spesielt med den europeiske vittigheitspressa frå 1700- og 1800-talet. Dei poengterte småteikningane, morosame teikneseriane og satiriske karikaturane til vittigheitsblada blei spreidde vidare på 1900-talet, med lettare variantar særleg i USA. I dag finn ein humoristiske teikningar både i teikneseriar, humorblad, aviser og vekeblad, ofte i form av enkeltteikningar eller såkalla avis- eller teikneseriestriper. Vitseteikningane blir ofte distribuerte gjennom internasjonale pressebyrå.

Kjente vitseteiknarar endre

Norske endre

Utanlandske endre

Kjelder endre