Vokativ (latin cāsus vocātīvus) er eit grammatisk kasus, brukt som kasuset til tiltaleforma.

Denne kasusen finn ein mellom anna i latin, romansk, gresk, baltiske og slaviske språk som ei tiltaleform av substantiv. Norrønt hadde også vokativ, men dette har stort sett falle bort på moderne norsk.

DømeEndra

«Et tu, Brute!»

Julius Cæsars siste ord då han vart myrda av Brutus år 44 f. Kr., slik dei er gitt att i skodespelet til William Shakespeare.

Ifølge språkkjennaren Per Egil Hegge finst det berre éi ekte vokativform i norsk, nemleg «folkens», som i uttrykket «hei, folkens». I staden for vokativ kan ein på norsk bruka pronomenet «du» foran substantivet: «Du Guri, ...», «du mann» eller «de ungar». Ein slags distinksjon mellom vokativ og ikkje vokativ markering har vi for personnamn i dialektar med såkalla propriell artikkel. I slike dialektar vil «Kari» og «Per» markere vokativ, mens «ho Kari» og «han Per» vil markere andre funksjoner.

litauisk er ordet for mann, vyras, vyre i vokativ. Vokativforma for mannsnamnet Petras er Petrai.

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.