Voroninøya
Voroninøya eller Voronina (russisk Oстрова Воронина, Ostrova Voronina eller Oстров Воронина, Ostrov Voronina) er ei isolert øygruppe i Karahavet i Russland. Ho omfattar to øyar, ei stor og ei smal lenger nord. Mellom dei to øyane ligg eit 3 km breitt sund.
Voroninøya | |||
øygruppe | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Voroninøya 78°10′56″N 93°42′29″E / 78.182222222222°N 93.708055555556°E | |||
Plasseringa til Voroninøya i Karahavet.
| |||
Wikimedia Commons: Voronina Islands |
Voroninøya er om lag 9 km lang og 6 km brei og er dekt av tundravegetasjon og is. Den nordlege øya er smal, om lag 5 km lang og berre litt meir enn 500 meter brei. Desse øyane ligg nordaust i Karahavet, om lag 130 km vest for Severnaja Zemlja og 72 km nordaust for Kirovaøya i Kirovøyane.
Havet omkring desse to øyane er dekt av pakkis om vinteren og det er mykje isflak sjølv om sommaren, som berre varer opp mot to månader. Klimaet er så hardt at det kan gå år mellom kvar gong farvatnet rundt øyane er ope.[1]
Øyane høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein yngleplass for isbjørn. Øyane er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.
Voroninøya er kalla opp etter kaptein Vladimir Voronin frå den sovjetiske marinen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Plassering
- Geografisk data
- Naturrreservat Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.
- ↑ William Barr, Reinhard Krause og Peter-Michael Pawlik, The polar voyages of Captain Eduard Dallmann, whaler, trader, explorer 1830–96