Eduard Dallmann (fødd 11. mars 1830 i Blumenthal nær Bremen, død 23. desember 1896 same stad) var ein tysk kvalfangar, handelsmann og polarutforskar.

Eduard Dallmann
Statsborgarskap Bremen
Fødd 11. mars 1830
Flethe
Død

23. desember 1896 (66 år)
Blumenthal

Yrke oppdagar
Språk tysk

Dallmann reiste til sjøs som 15-åring. I 1866 vart han kaptein på skipet «W.C. Talbot» frå Hawaii og gjennomførte handelsreiser i Beringhavet og Tsjuktsjarhavet til stader i Alaska og Tsjukotka. Han var den første registrerte europearen som vitja Wrangeløya. Frå 1867 til 1870 førte han kvalfangstskipet «Count Bismarck» på ein kvalfangstekspedisjon til det tropiske Stillehavet, Okhotskhavet, Beringhavet og Tsjuktsjarhavet.

I perioden 1872–74, då kvalbestanden minka kraftig i Ishavet, vart Dallmann gjeve i oppdrag å utforske Sørishavet med skuta «Grönland». Føretaket hadde avgrensa suksess med omsyn på kvalfangst, men Dallmann gjorde i løpet av ekspedisjonen mange oppdagingar rundt det antarktiske kontinentet. Dei viktigaste oppdagingane var Bismarcksundet og kartlegginga av Anvers Island, Brabant Island, Liège Island og Wilhelm Archipelago. Den 1. mars 1874 vitja han King George Island i øygruppa Sør-Shetlandsøyane, der han oppførte ein plakett til minne om ekspedisjonen. Plaketten er oppført på lista over historiske stader og kulturminne i Antarktis.

1875-sesongen tilbrakte han som ekspert på kvalfangstfelta i Davissundet og Baffinbukta, framleis ombord i «Grönland».

Mellom 1877 og 1884 gjorde Dallmann på vegne av den russiske finansmannen baron Ludwig von Knoop årlege forsøk på å frakte varer til Obbukta og Jenisejbukta i byte mot korn og andre varar som vart frakta på lekterar nedover dei store sibirske elvane. På grunn av dei vanskelege istilhøva Karahavet lukkast han berre i fire av sju forsøk. Til slutt innstilte von Knoop det vanskelege føretaket for å redusere tapa sine. Trass i fiaskoen hadde Dallmann fått eit sjeldan høve til å utforske mange øyar og kyststrekningar i Karahavet som få europearar hadde sett.

Etter å ha forlate dei arktiske farvatna for godt, vart Dallmann kaptein på dampskipet «Samoa» i 1884. Fartøyet hans førte den vitskaplege ekspedisjonen til Otto Finsch til den til då lite utforska nordkysten av Ny-Guinea.

Mellom 1887 og 1893 fortsette han å utforske nordkysten av Ny Guinea på vegne av Det tyske Ny-Guinea-kompaniet. Mange øyar og sund i området vart namngjeven av han i denne perioden.

Æresvisningar endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Eduard Dallmann» frå Wikipedia på bokmål, den 21. oktober 2012.
  • William Barr, Reinhard Krause og Peter-Michael Pawlik, «The polar voyages of Captain Eduard Dallmann, whaler, trader, explorer 1830–96», Polar Record (2004), nr. 40, s. 1–18, Cambridge University Press.

Bakgrunnsstoff endre