Votisk
Votisk er eit språk som høyrer til den austersjøfinske språkgreina i den uralske språkfamilien.
votisk vad̕d̕a tšeeli | ||
Klassifisering | Uralsk votisk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland | |
Område | Leningrad oblast' | |
votisktalande i alt | ca. 10 | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | ikkje skriftfesta | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | vot | |
ISO 639-3 | vot | |
Glottolog | voti1254
|
Etymologien til etnonymet
endreOrdet vad̕d̕a har same bakgrunn som finsk vaaja. Det same ordet har også blitt brukt som inngruppenamn av eindel samer, vuowjoš og om det gamle stadnamnet Vaiga i austre delar av Estland. Russiske krøniker nemner votarane allereie på 1000-talet, dei blir der kalla водь (vod'). I moderne russisk er namnet på votisk водский язык (vodskij jazyk) og votarar er водский (vodskij). Det finske ordet for votisk og votarar er vatjan kieli og vatjalaiset.
Dagens situasjon
endreVotisk er eit alvorleg truga språk. Etter den sovjetiske folketeljinga var det i 1989 62 personar med votisk som morsmål. I 1998 var det berre 30-40 som hadde votisk som morsmål, dei budde i Ingermannland langs breidda av Laukaanjoki, sommaren 2003 var det rundt 10 personar som snakka votisk, den yngste talaraen var fødd i 1935. Språket blir ikkje lenger lært av ungar. Ved folketeljinga i 2010 vart det 68 personar som meistra språket.[1] Votarane har alltid vore eit relativt lite folk, på 1800-talet var det heller ikkje meir enn 5 000 av dei.
Grammatikk
endreVotisk har mange drag som skil det frå dei andre austersjøfinske språka. Ein skilnad er lydovergangen k -> tš /ʧ/ foran fremre vokalar, jf. tšentšä, fi. 'kenkä', «sko», mätši, fi. 'mäki' «bakke», retši, fi. 'reki' «slede» og tšeeli, fi. kieli «språk». Sjølve lydovergangen er vanleg nok, ein har det same i vestnorske dialektar og i svensk: (köpa [ʧø:pa]), og i italiensk (centro [ʧɛntro]).
Votisk har ein meir omfattande stadieveksling enn det vi finn i finsk, i tillegg til klusilane (lukkelydane) p, t, k gjeld det klusilsamband, affrikatar og, lang s. Jf. idgön, fi. 'itken' «eg gret», pezäᴅ fi. 'pesät' «reira», laizgaᴅ fi. 'laiskat' «dei late», püsüᴅ fi. 'pyssyt' «geværa», redžeᴅ fi. 'reet' «sledane» og mädžē fi. 'mäen' «bakkens». Her er -dg-, -z-, -zg-, -s-, -dž- svakt stadium av -tk-, -s-, -sk-, -ss-, -tš-.
I vestvotisk har h, k falle bort i slutten av ordet (som det også har gjort i finsk), men i austvotisk er dei bevart, t.d. annaɢ, fi. 'anna' «gje!», kasõɢ fi. 'kaste' «dogg», og pereh fi. 'perhe', «familie». Også suffikset for første person singularis i verb, -n, har falle bort, og sluttvokalen er forlenga, t.d. annā fi. 'annan' «eg gjev» og johsī fi. 'juoksin' «eg sprang», med lang final a og i. Alle nasalar har falle bort der dei stod før klusil i trykksvak staving, t.d. paratan fi. 'parannan' «eg forbetrar», stamme *paranta-, og suurõpi fi. 'suurempi', større.
Å studere votisk
endreDet er mogleg å studere votisk som del av eit studium i austersjøfinsk, ved universiteta i Helsingfors, Joensuu, Jyväskylä og Tartu.
Språkprøve
endreVotisk:
Meil õli karjušid. Siz õli palkattu karjušiida nyd enempää eväd, eb õõ karjušiid, eväd, tšenni ep taho mennä karjušissi. Nyd tšävvää vuoroo.[2]
Finsk (ord for ord):
Meillä oli paimenia. Silloin oli palkattu paimenet, mutta enää eivät, ei ole paimenia, eivät, kukaan ei tahdo paimeneksi. Nyt käydään vuoroin.[2]
Omsetjing (ord for ord):
Vi hadde gjetarar. Då var (det) lønna gjetarar, men no ikkje lenger, (det) er ikkje gjetarar, ikkje, ingen vil bli gjetarar. No går dei på skift.[2]
Fotnotar
endre- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Virtaranta, Pertti; Suhonen, Seppo, Näytteitä uralilaisista kielistä III ISBN 9789517173162
Litteratur
endre- Adler, Elna ja Merle Leppik: Vadja keele sõnaraamat. Tallinn: Signalet, 1990, 1994; Tallinn: Eesti Teaduste Akadeemia, Eesti Keele Instituut, 1996, 2000.
- Ariste, Paul: A grammar of the Votic language. Bloomington, Indiana: Indiana University, 1968.
- Kettunen, Lauri: Vatjan kielen äännehistoria. Suomalaisen Kirjallisuuden Seuran toimituksia 185. Helsinki, 1930.
- Kettunen, Lauri: Vatjan kielen Mahun murteen sanasto. Castrenianumin toimitteita 27. Helsinki, 1986.
- Kettunen, Lauri ja Lauri Posti: Näytteitä vatjan kielestä. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia 63. Helsinki: Suomalais-ugrilainen Seura, 1932.
- Laakso, Johanna: Vatjan käänteissanasto. Kotimaisten kielten tutkimuskeskuksen julkaisuja 49. Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura, 1989.
- Lauerma, Petri: Vatjan vokaalisointu. Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura, 1993. ISBN 951-9403-57-4.
- Posti, Lauri: Vatjan kielen Kukkosin murteen sanakirja. Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura, 1980.
- Salminen, Väinö: Runonäytteitä Vatjan kielestä. Helsinki: Suomalaisen kirjallisuuden seura, 1928.
- Tsvetkov, Dmitri: Vatjan kielen Joenperän murteen sanasto. Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura, 1995.
- Viitso, Tiit-Rein: Vadja keele Luutsa-Liivtšülä murraku fonoloogia. Emakeele Seltsi aastaraamat VII. Tallinn, 1961.
Bakgrunnsstoff
endre