Voy a quedarme

song frå 2021 med Blas Cantó
«Voy a quedarme»
Song av Blas Cantó
Land Spania
Språk Spansk
Utgjeve 10. februar 2021
Sjanger Popballade
Lengd 03:02
Selskap Warner Music Spain
Låtskrivar(ar) Blas Cantó, Leroy Sánchez, Daniel Ortega, Dan Hammond
Produsent Blas Cantó, Ricky Furiati

«Voy a quedarme» (norsk omsetjing 'eg vert verande') er ein spansk popballade som vert framført av den spanske songaren Blas Cantó. Han kom ut 10. februar 2021 og er skriven av Cantó sjølv saman med Leroy Sánchez, Daniel Ortega og Dan Hammond.[1] Songen var det spanske bidraget til finalen i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam laurdag 22. mai.[2][3]

Om songen endre

Blas Cantó vart vald internt av den spanske kringkastaren RTVE til å representere landet i Eurovision Song Contest 2020. Cantó skulle ha delteke med songen «Universo», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien.[4]

I staden vedtok RTVE at Cantó skulle få representere landet på nytt i Eurovision Song Contest 2021. Songaren stod mellom to låtar: «Memoria» og «Voy a quedarme». Tv-sjåarane fekk avgjere kva for ein låt han skulle delta med i eit direktesendt tv-show, Destino Eurovisión, på La 1 laurdag 20. februar 2021.[5] I sendinga fekk «Voy a quedarme» 58 prosent av røystene og vart vald til det spanske bidraget i Eurovision Song Contest i Rotterdam.[3] Som eit av dei fem store landa, var Spania direktekvalifisert til finalen laurdag 22. mai 2021. «Voy a quedarme» vart til slutt nummer 24 av 26.[6] Låten fekk 6 poeng, der alle kom frå fagjuryane. Songen fekk 0 poeng i telefonavrøystinga.[7]

Listeplasseringar endre

Liste (2021) Høgaste

plassering

Litauen (AGATA)[8] 87
Nederland (Single Tip)[9] 23

Referansar endre

  1. «Voy a quedarme by Blas Cantó» (på engelsk). Henta 21. februar 2021. 
  2. «Spain: Blas Cantó Will Sing "Voy a Quedarme" At Eurovision 2021» (på engelsk). 20. februar 2021. Henta 21. februar 2021. 
  3. 3,0 3,1 «Spain chooses 'Voy a quedarme' for Blas Cantó» (på engelsk). 20. februar 2021. Henta 21. februar 2021. 
  4. «Eurovision 2020 in Rotterdam is cancelled» (på engelsk). 18. mars 2020. Henta 21. februar 2021. 
  5. «Watch the Destino Eurovisión 2021 Live Online» (på engelsk). 19. februar 2021. Henta 21. februar 2021. 
  6. «Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  7. «Results of the Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  8. «2021 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). Henta 20. juni 2021. 
  9. «Dutch Charts - dutchcharts.nl». Henta 5. september 2021.