Vråvatn
Vråvatn er ein innsjø som ligg i Kviteseid kommune i Telemark. Han har hovudtilløpet sitt frå Skredvatn, medan utløpet er via «Straumen», til Nisser. Systemet er ein del av Arendalsvassdraget.
Vråvatn | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Kviteseid | ||
Høgd over havet | 246.5-248 moh. | ||
Areal | 14,83 km² | ||
Største djupn | 172 m | ||
Kystlengd1 | 55,65 km | ||
Koordinatar | 59°20′32″N 08°18′48″E / 59.34222°N 8.31333°E | ||
![]() Vråvatn 59°20′32″N 8°18′48″E / 59.34222222°N 8.31333333°E | |||
Wikimedia Commons: Vråvatn, Kviteseid | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
I 1914 vart det bygd to sluser i Straumen. Dette gjorde det mogeleg å reise heile den 50 km lange strekninga frå Tveitsund sør i Nisser til Vråliosen nord i Vråvatn med båt. Veteranbåten «Fram» trafikkerar framleis denne strekninga med turistar om sommaren.
Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |