Nisser er ein innsjø i kommunane Nissedal og Kviteseid i Telemark. Namnet kjem frå gammalnorsk «Niðrsær», der første del «Niðr» har tydinga «nedre», medan andre del «sær» tyder «sjø», altså 'Den nedre sjøen'.

Nisser
innsjø
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommunar Kviteseid, Nissedal
Høgd over havet 244-247 moh.
Areal 76,07 km²
Middeldjupn 94,4 m
Største djupn 234 m
Volum 7,185 km³
Kystlengd1 158,07 km
Koordinatar 59°19′03″N 08°27′43″E / 59.31750°N 8.46194°E / 59.31750; 8.46194
Kart
Nisser
59°10′00″N 8°30′00″E / 59.166666666667°N 8.5°E / 59.166666666667; 8.5
Wikimedia Commons: Nisser
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Hovudtilløpet kjem via «Straumen» frå Vråvatn, medan utløpet skjer via Nisseråna, som ved Haugsjåsund går saman med Fyresdalsåna og blir til Nidelva, som møter havet ved Arendal. Systemet er ein del av Arendalsvassdraget.

Nisser er den største innsjøen i Telemark og den 13. største innsjøen i Noreg. Innsjøen har ei lengd på om lag 35 km. Eit av dei største kalkingsprosjekta i Europa vert drive i Nisser.

I 1914 vart det bygd to sluser mellom Nisser og Vråvatn (248 moh). Storstraum - Småstraumkanalen, den tredje og minste av kanalane i Telemark, var med dette ein realitet. Dette gjorde det mogeleg å reise heile den 50 km lange strekninga frå Tveitsund til Vråliosen med båt. Det er framleis mogeleg å reise vatna på langs med veteranbåten «Fram».

Omtrent midtvegs på Nisser kan ein krysse innsjøen på ei kabelferje frå Nesland til Fjone.

Rundt Nisser er det lett å finne idylliske badeplassar. I nordenden finst ein idyllisk innlands skjergard, med mange små holmar, svaberg og sandstrender. Turistindustrien rundt Nisser har blomstra opp sidan 60 - 70-talet, spesielt ved nordenden av vatnet, i Vrådal, eller Eidstod. Ein finn eit rikeleg utbod av både hotellsengeplassar og utleigehytter og campingplassar rundt innsjøen. I Vrådal finn ein ein 9-hols golfbane, samt eit vintersportssenter.

Av fisk i vatnet finn ein aure, røye, sik og tryte (åbor). Det er mykje småaure i Nisser, medan rekordfisken vog 4 kg.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.