Kviteseid kommune

kommune i Telemark

Kviteseid kommune ligg sentralt i Telemark fylke og grensar i aust til Nome, i vest mot Tokke, i nord til Seljord og i sør mot Drangedal, Nissedal og Fyresdal. Kommunen har sine noverande grenser frå 1873, då eit mindre område vart overført til Seljord.

Kviteseid kommune
kommune
Utsyn over Kviteseidvatnet
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Telemark
Adm.senter Kviteseid
Areal 708 km²
 - land 625 km²
 - vatn 83 km²
Folketal 2 458  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Tarjei Draugedal (KrF)
Kommunenr. 4028
Kart
Kviteseid
59°20′55″ N 8°29′34″ E
Wikimedia Commons: Kviteseid
Nettstad: www.kviteseid.kommune.no

Administrasjonssenteret i Kviteseid er tettstaden Kviteseid. Lokalavisa er Vest-Telemark Blad, som òg dekkjer fem andre kommunar.

Geografi endre

Landskapet er merkt av skogkledde åsar og dalar med vatn og elvar nede i botnane. Vassdraga er djupt skorne ned mellom bratte bergsider, noko som er årsak til veldig varierande høgder i området. Dei tre tettstadene i kommunen er kommunesenteret Kviteseid, Vrådal og Morgedal, og det er i tettstadene mesteparten av busetnaden i kommunen held til. Sveinsheia på 1 141 moh ligg i sørvest på grensa til Fyresdal og er det høgste punktet i kommunen.

Næringsliv endre

Jord- og skogbruk er viktige næringar i kommunen, og den lokale industrien er knytt til desse næringane. I lågareliggjande strøk vert det dyrka frukt og bær fleire stader, til vanleg nært vatna. Turisme er ei viktig satsing, med fleire hotell og andre stader for overnatting. Alpinanlegget i Vrådal her 15 nedfartar, og er staden der den første 8-seters stolheisen i verda vart bygd.

Samferdsle endre

Europaveg 134 kryssar Kviteseid i nord. Gjennom administrasjonssenteret går Rv. 41 frå Kristiansand og møter E 134 på Brunkeberg. Fv. 38 fører frå Eidstid ved Rv. 41 langs nordsida av Vråvatn til Dalen i Tokke. Fv. 355 går frå Vråliosen til Fyresdal- Sommarstid er det open båtrute i Telemarksvassdraget, som går mellom Skien og Dalen i Tokke.

Kommunenamn og -våpen endre

Namnet Kviteseid er samansett av to ord som stammar frå norrønt, hvítr, kvitt objekt, og eid. Ein person frå Kviteseid vert kalla kvitseiding.

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon den 27. november 1987. Motivet er på gul botn eit svart låsskilt og er henta frå Tveitloftet frå 1350 som står på Kviteseid bygdetun. Våpenet symboliserer bygdekunst og tradisjonar.

Kjende personar frå Kviteseid endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Koordinatar: 59°23′54″N 8°29′42″E