WT Os internasjonale filmfestival
WT Os internasjonale filmfestival er ein internasjonal filmfestival i Os i Hordaland, som vert halden årleg i tidleg november. Festivalen er også kjend som WT-festivalen. Festivalen vart skipa i 1999, og har vorte arrangert kvart år sidan.
Filmfestivalen på Os har rykte på seg for å vera den «mest sjarmerande filmfestivalen i Noreg»[1], og vart døypt «Glamdance»[2] for å ha høg glamourfaktor i kontrast til dei landlege og spartanske omgjevnader på Os.
Festivalen har i overkant av 3500 vitjingar kvart år, og i 2010 vart det synt 72 filmar frå 22 ulike land. Festivalen er ein av dei fremste independent-festivalane i Noreg, og syner bidrag frå amatørar så vel som profesjonelle aktørar frå heile verda.
Fotnotar
endre- ↑ sitat Tor Fosse, direktør for Bergen internasjonale filmfestival, under gallashowet til WT-festivalen i 2006.
- ↑ Kalle Løchen, Film&Kino
Bakgrunnsstoff
endre- Festivalen si heimeside.
- Sjur Aaserud, Trollmannen fra Os[daud lenkje] Studvest 20/09-2006
- Walter N. Vehus, Da glamouren kom til Os[daud lenkje] Bergens Tidende 11/11-2006
- Sjur Aaserud, På den røde løperen i Os Arkivert 2007-01-06 ved Wayback Machine. Studvest 15/11-2006
- Kalle Løchen, Glamdance i OsFilm&Kino 15/11-2006
- Kjetil Vasby Bruarøy, Osingar som Cannes Arkivert 2007-12-14 ved Wayback Machine. Midtsiden 9/10-2007
- Camilla Kvamme og Birgitte Vaksdal, -Dette er noe helt annet enn BIFF! Bergensavisen 7/11-2007