Bergen internasjonale filmfestival

Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) er ein norsk filmfestival som har vorte arrangert i Bergen kvar oktober sidan år 2000. Dersom ein måler i talet på filmar som blir framsynte, er BIFF den største filmfestivalen i landet. Ved festivalen i 2010 vart det synt 150 filmar, noko som var ny rekord. BIFF inngår i BergArt (Bergen Art Festival), ein årleg festival for tverrkunstnarleg samtidsuttrykk i byen.

Bergen internasjonale filmfestival

Typeaksjeselskap
Org.nummer980555704
Skipa2000
Nettstadhttp://www.biff.no/ Sjå dette på Wikidata

Den viktigaste framsyningstaden for BIFF er Magnus Barfot kinosenter, men ein syner også film på Cinemateket USF, Konsertpaleet og andre stader.

Historie endre

Debuten til filmfestivalen i år 2000 var i høve Bergen sin status som Europeisk kulturhovudstad. Festivalen vart ein suksess med nesten 20 000 vitjingar, og har sidan vorte skipa kvart år. I 2010 hadde festivalen over 45 000 publikummarar.

Prisutdelingar endre

BIFF deler kvart år ut ei rekkje prisar, men nokre prisar endrar namn frå år til år, og andre prisutdelingar tek slutt. Her er dei aktive prisane rangert øvst, og tidlegare prisar sett nedst. Prisar som berre har vorte delt ut ved eitt høve, har ikkje vorte teke med.

Publikumsprisen endre

Publikumsprisen har vorte utdelt sidan oppstarten. Fram til 2010 kunne publikum røysta på alle filmane under BIFF, men frå 2011 kan berre eit utval av filmane røystast på.

Beste dokumentar endre

Prisen for Beste dokumentar har vorte utdelt sidan 2004, då BIFF ynskte å fokusera meir på dokumentarfilm. Prisen er på 50 000 kroner.

Beste norske dokumentar endre

Beste norske kort-dokumentar endre

Ungdommens dokumentarpris endre

Denne prisen har vorte utdelt sidan 2004 av en jury som består av styremedlemmer frå ungdomsfilmklubben Hordaland ung filmforening (HUFF) som alle er elevar på vidaregåande skule.

Checkpoints endre

Checkpoints er eit program som har eksistert sidan 2007. I samarbeid med Raftostiftelsen er målet å setja søkeljoset på menneskerettar. I 2010 vart det for fyrste gong også delt ut ein pris til beste film på dette programmet. Juryen vart leidd av Nobels fredspris-mottakar Shirin Ebadi. Prisen på 50 000 kroner går til menneska filmen handlar om, ikkje til filmskaparane.

Beste norske kortfilm endre

Beste skandinaviske musikkvideo endre

Prisen for beste skandinaviske musikkvideo vart delt ut for fyrste gong i 2010.

Filmwebs talentpris endre

Sidan 2005 har BIFF delt ut ein pris for «ungt talent» på 20 000 kroner. Prisen heiter no Filmwebs talentpris.

Cinema Extraordinare endre

Cinema Extraordinare vart rekna som hovudprisen til festivalen. Han vart utdelt av ein jury som bestod av norske filmprodusentar og -kritikarar, men har ikkje vorte utdelt etter 2011, i følgje BIFF sine lister over prisvinnarar. Fram til 2005 gjekk prisen under namnet Juryens pris, og i 2006 heitte han Norsk filminstitutts importpris, der prisen var norsk distribusjon. I 2011 lydde prisen på 50 000 kroner.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre