Waimakaririelva er den største av elvene nord i Canterbury-regionen, på SørøyaNew Zealand. Ho renn i 151 km i stort sett søraustleg retning frå Søralpane, gjennom slettene Canterbury Plains til Stillehavet.[1]

Waimakaririelva
Waimakariri River
elv
Waimakaririelva med Christchurch i bakgrunnen.
Land New Zealand New Zealand
Renn gjennom Christchurch
Sideelvar Bealey-elva, Poulterelva, Eskelva
Lengd 151 km
Kjelde Søralpane
Munning Stillehavet
 •  høgd moh.
Kart
Waimakaririelva
43°23′26″S 172°42′43″E / 43.3905°S 172.712°E / -43.3905; 172.712
Waimakaririelva.
Waimakaririelva.
Waimakaririelva.
Wikimedia Commons: Waimakariri River

Elva har utspringet sitt i dei austlege flankane av Søralpane, åtte km sørvest for Arthur's Pass. Gjennom ein stor del av det øvre løpet er elva forgreina med vide, sanddekte elvebreidder. Etter som ho nærmar seg Canterbury Plains, går ho gjennom eit fjellområde og vert pressa inn i eit trongt elvegjel (Waimakariri Gorge), før ho går attende til den forgreina forma der ho renn over slettene. Elva munnar til sist ut i Stillehavet nord for Christchurch, nær byen Kaiapoi.

Chinooklaks (Oncorhynchus tshawytscha) vart innført frå California1900-talet og finst enno i elva.[2]

maori har Waimakariri fleire tydingar, ei av dei er 'elva med kaldt, fossande vatn'.[1] På 1850-talet gav europeiske nybyggjarar elva namnet Courtenay River, men dette gjekk ut av bruk.[3]

Geologiske granskingar tyder på at elvemunningen har flytta svært mykje på seg. Til tider har elva runne i det løpet ho har no gjennom Christchurch, og til og med runne ut i Lake Ellesmere/Te Waihora sør for Bankshalvøya i ein periode.[4]

I staden for å vera ubygd statleg land, slik dei fleste av elvebreiddene på New Zealand er, er breiddene til Waimakariri River underlagt administrasjonen til Canterbury Regional Council.[5]

I Canterbury vert elva stort sett omtala som «The Waimak».[1]

Utbygging

endre

I 1923 vart elva undersøkt med tanke på å byggja ein dam for å gje hydroelektrisk kraft til Christchurch. Dette fekk støtte frå lokalsamfunna, men dammen vart aldri bygd etter som staten tilbaud rimeleg straum frå anlegget ved Coleridgesjøen.[6]

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Logan, Robert (1987). Waimakariri. The story of Canterbury's "river of cold rushing water". Christchurch: Robert Logan. ISBN 0473005204. 
  2. McDowall, R. M. (1990) New Zealand freshwater fishes: a natural history and guide. Heinemann-Reed, Auckland, 553 s.
  3. Canterbury, discovery and settlement, Te Ara Encyclopedia of New Zealand website, vitja 8. februar 2010.
  4. Waimakariri River, An important asset to the region Arkivert 2009-03-02 ved Wayback Machine., Environment Canterbury website, henta 18. april 2008.
  5. Waimakariri River Improvement Act 1922, Section 17(1) - Parliament of New Zealand. Vitja 8. februar 2010.
  6. Crean, Mike (26. april 2008). «Waimak's elusive dam». The Press. 

43°23′26″S 172°42′43″E / 43.3905°S 172.712°E / -43.3905; 172.712