Bankshalvøya er ei halvøy av vulkansk opphav på austkysten til SørøyaNew Zealand. Ho har eit areal på om lag 1150 km² og omfattar to store naturlege hamner og mange mindre bukter og viker. Den største byen på Sørøya, Christchurch, ligg like nord for halvøya.

Bankshalvøya
halvøy
Land  New Zealand
Kart
Bankshalvøya
43°45′00″S 172°49′59″E / 43.75°S 172.833°E / -43.75; 172.833
Wikimedia Commons: Banks Peninsula
Bankshalvøya på New Zealand.
Franske skip i Akaroa tidleg på 1800-talet.

Historie endre

Tre fasar med maoribusetjing etter kvarandre fann stad på halvøya som enno vert omtala av maoriar som Te Pataka o Rakaihautu ('Det store lagerhuset til Rakaihautu'). Maoritradisjon fortel at Rakaihautu kom med stammen Waitaha til Te Wai Pounamu (Sørøya) i wakaen (kanoen) Uruao, dei var dei første menneska som kom til staden. Slik fekk Bankshalvøya namnet Te Pataka o Rakaihautu som takk for hans gjerningar og for overfloden av mahinga kai (mat frå skogane, havet, elvene og himmelen) som fanst på halvøya. Waitaha busette seg her først, seinare kom Kāti Mamoe, og Ngai Tahu tok over i på 1600-talet.[1]

Mannskapet til kaptein James Cook var dei første europearane som fekk sjå halvøya under Cook si første omsegling av New Zealand i 1769, og han namngav henne til ære for botanikaren om bord på «Endeavour», Joseph Banks. Halvøya valda den eine av Cook sine store kartografiske feil på New Zealand. Han var ikkje i stand til å sjå dei låge slettene mot vest, så han namngav henne som ei øy. Han vart forstyrra av ei hildring av land mot søraust, og segla vidare utan å undersøkja staden nærare, og oppdaga derfor ikkje dei to gode hamnene. Mistaket vart ikkje oppdaga før i 1809, då skipet «Pegasus» under kaptein S. Chase freista å segla rundt øya, og oppdaga at ho var ei halvøy.[2]

I 1830-åra hadde Banks Peninsula vorte eit europeisk kvalfangstsenter – til skade for maorifolket som bukka under i store mengder av sjukdom og i stammekrigar som vart forverra gjennom bruken av muskettar. To viktige hendingar i forløpet til britisk suverenitet over New Zealand fann stad ved Akaroa. Først, i 1830, vart maoribusetnaden ved Takapuneke åstad for ei berykta hending. Kapteinen på den britiske briggen «Elizabeth», John Stewart, hjelpte Te Rauparaha, høvdingen i iwien Ngāti Toa frå Nordøya, å ta til fange den lokale høvdingen i Ngai Tahu, Te Maiharanui. Busetnaden ved Takapuneke vart utsletta. (Delvis som ei følgje av denne massakren sende dei britiske styresmaktene ein offisiell representant, James Busby, til New Zealand i 1832 i ein freistnad på å stogga ufreden. Hendingane ved Takapuneke førte såleis direkte til underteikninga av Waitangitraktaten.) Så, i 1838, fann den franske kvalfangaren kaptein Langlois ut at Akaroa ville vera ein god stad for forsyningar til kvalfangstskuter, og «kjøpte» halvøya i ein tvilsam handel med lokale maoriar. Han drog attende til Frankrike, stifta Nanto-Bordelaise-kompaniet og sette segl for New Zealand med ei gruppe franske og tyske familiar ombord på skipet «Comte de Paris», med tanke om å skipa ein fransk koloni på ei fransk Sørøy på New Zealand.

 
Utsyn over Akaroa Harbour.

Men innan Langlois og kolonistane hans nådde fram til Bankshalvøya i august 1840, hadde mange maoriar alt underteikna Waitangitraktaten (mellom desse to høvdingar i Akaroa i mai), og den første britiske guvernøren på New Zealand, William Hobson, hadde erklært britisk suverenitet over heile New Zealand. Då han fekk høyra om dei franske planane om koloisering, sende Hobson snøgt av stad HMS «Britomart» frå Bay of Islands til Akaroa med politijuristar om bord. Medan Langlois og kolonistane hans vart hefta av ulagleg vind i Pigeon Bay på den andre sida av halvøya, planta britane flagget sitt ved Greens Point mellom Akaroa og Takapuneke og kalla saman til rettsmøte for å oppretta britisk suverenitet over Sørøya.

Frå 1850-åra har Lyttelton og seinare Christchurch vakse forbi Akaroa, som har utvikla seg til ein fritidsstad og halde på så vel fleire av dei franske påverknadane i området og mange av bygningane frå 1800-talet.

Historiske forsvarsverk i hamna daterer seg frå 1874 og utover, og restar av desse finst enno på Ripapa Island i Lyttelton Harbour og ved Godley Head.

Geologi endre

 
Bankshalvøya har ei tilnærma sirkulær form, med mange bukter og to djupe, naturlege hamner.
 
Modell av Bankshalvøya som viser det fjell-lendte terrenget, som elles som elles er uvanleg for Christchurchområdet.

Bankshalvøya dannar dei mest framståande vulkanske trekka på Sørøya. Geologisk består halvøya av dei eroderte restane av to store, samansette skjoldvulkanar (Lyttelton vart danna først, deretter Akaroa). Desse oppstod gjennom vulkansk plateaktivitet i kontinentalskorpa for mellom elleve og åtte milionar år sidan i miocen-perioden. Halvøya vart danna som øyer utanfor kysten, med vulkanar som nådde om lag 1 500 m over havflata. To dominerande krater danna dei naturlege hamnene Lyttelton og Akaroa. Slettene Canterbury Plains, danna av erosjonen av Søralpane (ei lang og høg fjellkjede bygd opp av samanstøyten mellom den indo-australske plata og stillehavsplata) og av alluviale vifter som er forma av store, forgreina elver. Desse slettene har si største breidde der dei møter det bakkete landskapet ut mot Banks Peninsula. Eit lag av løss, ein heller ustabil fin silt, transportert dit av fønvindane som stormar over slettene, dekkjer dei nordlege og vestlege sidene på halvøya. Delen av kraterranda som ligg mellom Lyttelton Harbour og Christchurch dannar Port Hills.

Bruk av landet endre

Det er estimert at naturleg skog ein gong kledde 98% av halvøya. Imidlertid har māoriar og seinare europeiske nybyggjarar ribba skogdekket, og mindre enn to prosent står att i dag, sjølv om der starta opp med ein del skogplanting. Europeiske nybyggjarar har planta mange engelske treslag, særleg valnøtt.

Hinewai Reserve, eit privat naturreservat, har vorte oppretta på halvøya for å gje høve for den naturlege skogen til å veksa opp att på område som ein gong vart dyrka opp.

Fleire stader langs kysten av halvøya er tekne i bruk til havbruksoppdrett av muslingar.

Eit stort marint pattedyrsreservat, sin hovudsakleg set restriksjonar for fiske med setjegarn, omkransar øya. Dette er i første rekkje for å ta vare på hektordelfinen, den minste av alle delfinartar. Økoturisme basert kring dei leikne delfinane har vorte ei viktig næring i Akaroa.

Eit heller lite marint reservat, kalla Pohatu, ligg sentralt i Flea Bay på søraustsida av halvøya.

Vegen Summit Road er eit av kjennemerka til halvøya. Han vart bygd på 1930-talet og er i to delar:

  • den eine delen går langs toppen av Port Hills frå Godley Head (nordsida av innløpet til Lyttelton Harbour) til Gebbies Pass inne i hamna
  • den andre delen går rundt kraterkanten i Akaroa Harbour frå 'Hill Top' – krysset med hovudvegen Christchurch-Akaroa highway – til eit punkt ovanfor Akaroa. Begge delane har spektakulære utsiktstadar og gir tilgang til mange parkar, gangvegar og andre rekreasjonsmål[3].

Turisme endre

Ei populær fottur-rute er Banks Peninsula Track på sørsida av øya. Andre populære ruter er Mount Bradley & Mount Herbert Walkways, som går ut frå Diamound Harbour på nordsida av halvøya[3]

Statistikk endre

  • Høgaste punkt: Mount Herbert (Te Ahu Patiki, 920 m)
  • Permanent populasjon: 7600

Referansar endre

  1. Tau, Te Maire, «Ngāi Tahu», Te Ara Encyclopedia of New Zealand, arkivert frå originalen 19. august 2007, henta 11. september 2011 
  2. [1] Island or Penisula? Te Ara Encyclopedia of New Zealand
  3. 3,0 3,1 Laura Harper; Tony Mudd; Paul Whitfield; Damian Hall (2006). The Rough Guide to New Zealand (5 utg.). New York London Delhi: RoughGuides. s. 660. ISBN 1-84353-679-X. 

Andre kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bankshalvøya

43°45′00″S 172°49′59″E / 43.750°S 172.833°E / -43.750; 172.833