Uelands gate

Koordinatar: 59°55′52″N 10°44′56″E

Uelands gate er ei 2,1 kilometer lang gate i Oslo som går mot nord ut frå Maridalsveien, rett sør for Alexander Kiellands plass. Maridalsveien nordover framstår no som ei lita sidegate til Uelandsgate i dette vegskillet.

Uelands gate sett nordover frå Alexander Kiellands plass
Foto: Helge Høifødt

Uelandsgate går nordover gjennom stroket Ila, kryssar Ring 2, som her heitar Griffenfeldts gate, og går til slutt over i Tåsenveien vidare nordover. Uelands gate, ikkje Akerselva, er tradisjonelt rekna som grensa mellom austkanten og vestkanten i denne luten av Oslo.

Gata fekk namnet i 1879 etter Ole Gabriel Ueland (1799-1879), som var representant på Stortinget i perioden 1833-1869, og då var den leiande mellom bonderepresentantane på Stortinget.

Det er òg Uelands gate i Haugesund og Hamar, O G Uelands gate i Sandnes, og Uelandsgate i Kongsberg.