Walls (Circus)
Walls (Circus) Singel av Tom Petty and the Heartbreakers frå albumet Songs and Music from «She's the One» | ||
Utgjeve | 29. juli 1996 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:25 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Låtskrivar(ar) | Tom Petty | |
---|---|---|
Produsent | Rick Rubin, Tom Petty, Mike Campbell | |
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi | ||
«A Higher Place» (1995) |
Walls (Circus) | «Free Girl Now» (1999)
|
«Walls (Circus)» er ein song skriven av Tom Petty og spelt inn av Tom Petty and the Heartbreakers. Han vart gjeven ut i juli 1996 som den einaste singelen frå filmmusikkalbumet Songs and Music from «She's the One». Lindsey Buckingham syng korvokal på songen i rein Fleetwood Mac-stil. Singelen nådde 69. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista.[1] Eit alternativt arrangement av songen, i eit raskare tempo, vart òg spelt inn for albumet med tittelen «Walls (No. 3)». Songen vart sidan spelt inn av Glen Campbell i 2008 på albumet Meet Glen Campbell.
Musikkvideo
endreMusikkvideoen vart regissert av Phil Joanou og vart send første gongen i juli 1996.
Lister
endreListe (1996) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Album Rock Tracks | 6 |
U.S. Billboard Hot 100 | 69[1] |
Kanadiske RPM Top Singles | 2 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Walls (Circus)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Joel Whitburn, Joel Whitburn's Top Pop Singles: 1955–2010, Record Research, 2011.