Walmer er ein by ved kysten av grevskapet Kent i England. Han har kring 6500 innbyggjarar og ligg 10 km nordaust for Dover. Han ligg nær Deal, og nytter mange av tenestene i nabobyen.

Walmer

Walmer Castle
Walmer Castle
Walmer Castle
Plassering
Walmer is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Kent
Distrikt Dover
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

6 693
Koordinatar 51°12′N 1°24′E / 51.200°N 1.400°E / 51.200; 1.400
Diverse annan informasjon
Postnummer CT
Telefon-retningsnummer 01304
Commons har multimedium som gjeld: Walmer

Julius Cæsar skal ha kome i land på Deal-stranda ved Walmer då han invaderte Storbritannia i 55 og 54 f.Kr. Walmer er ein av fleire moglege ilandstigingsstader, men blir rekna som den mest trulege på grunn av skildringar og distansar gjevne i Gallarkrigane.[1] Den moglege landingsstaden er markert med eit minnesmerke nær den lokale livreddingsstasjonen.

Walmer jernbanestasjon ligg på Kent Coast-linja.

Kjelder

endre
  1. «The Landings of Caesar in Britain, 55 and 54 BC» Arkivert 2013-08-22 ved Wayback Machine., athenapub.com