Walter Parazaider

(Omdirigert frå Walt Parazaider)

Walter «Walt» Parazaider (fødd 14. mars 1945) er ein USA-amerikansk sakofonist, mest kjend som opphavleg medlem i rockebandet Chicago. I tillegg til saksofon, som han vanlegvis spelar, spelte han òg fleire andre blåseinstrument i bandet, som klarinett.

Walter Parazaider

Parazaider i 2008
Fødd14. mars 1945 (79 år)
FødestadChicago i Illinois i USA
FødenamnWalter Parazaider
OpphavUSA
Aktiv1966 til i dag
SjangerRock, blues, R'n'B, jazzfusion
InstrumentSaksofon, fløyte, klarinett, pikkolofløyte, obo, gitar
Tilknytte artistarChicago
Verka somMusikar

Biografi endre

Parazaider vart fødd i Chicago og byrja å spele klarinett då han var ni år gammal. Som tenåring vart talentet hans dyrka for å spele i profesjonelle orkester og han byrja å gå på DePaul University med klassisk klarinett.[1][2]

Inspirert av Beatles-hitten «Got To Get You into My Life», ønskte Parazaider å skape eit rock 'n' roll-band med blåserekkje. Med i ei tidleg utgåve av bandet, heime hos Parazaider var gitaristen Terry Kath og trommeslagaren Danny Seraphine, som begge var vener frå tenåra. Ein annan ven som vart involvert i det framtidige Chicago var produsenten James William Guercio.

Bandet, som opphavleg vart kalla The Big Thing, vart etter kvart Chicago i lag med Lee Loughnane på trompet, James Pankow på trombone, Robert Lamm på klaverinstrument og Peter Cetera på bass. Den viktigaste rolla til Parazaider i bandet var å spele treblåseinstrument, arrangert av James Pankow. Parazaider skreiv ikkje mange songar for Chicago, men bidrog med «It Better End Soon: 2nd Movement», «Free Country», «Aire», «Devil's Sweet» og «Window Dreamin'».

Parazaider spelar mellom anna ein fløytesolo på Chicagohitten «Colour My World», som vart ein populær «slow-dans» på studentball i USA i 1970-åra.

I 2008 vart han æresdoktor ved DePaul University.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Walter Parazaider Saxophonist and Founding Member of the Band Chicago Bachelor of Arts, Classical Clarinet Performance». Distinctions – Quick Hits: Honorary Degree Recipients. DePaul University. 2008. Henta 22. juni 2010. 
  2. Jepsen, Dave. «Walter Parazaider – Woodwinds». Meet Chicago – band Member Biographies. Chicago True Advocates. Arkivert frå originalen 9. januar 2010. Henta 22. juni 2010. 

Bakgrunnsstoff endre