Walter Becker
Walter Carl Becker (20. februar 1950–3. september 2017) var ein USA-amerikansk musikar, låtskrivar og plateprodusent. Han var mest kjend for å ha vore med å skipe jazzrockbandet Steely Dan, der han spelte gitar, bass og var låtskrivar.[1][2]
Walter Becker | |||
Becker i 2013 | |||
Fødd | 20. februar 1950 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Queens i New York i USA | ||
Død | 3. september 2017 (67 år) | ||
Dødsstad | Manhattan i New York i USA | ||
Fødenamn | Walter Carl Becker | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1969–2017 | ||
Sjanger | Jazzrock | ||
Instrument |
| ||
Tilknytte artistar | Jay and the Americans, Steely Dan, Donald Fagen, China Crisis | ||
Plateselskap | ABC, MCA, Giant, Reprise, Warner Bros. | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent |
Becker møtte den framtidige låtskrivarpartnaren Donald Fagen då dei begge studerte ved Bard College. Etter ein kort periode med aktivitet i New York City, flytta dei to til Los Angeles i 1971 og skipa kjernen av Steely Dan, som dei neste ti åra fekk stor suksess som eit kritikarrost band. Då gruppa vart oppløyst flytta Becker til Hawaii og vart mindre aktiv, og arbeidde stort sett som plateprodusent. I 1985 var han ei kort stund medlem av det engelske bandet China Crisis, og produserte og spelte synthesizer på albumet deira Flaunt the Imperfection.
Becker og Fagen starta opp att Steely Dan i 1993 og vart verande aktiv dei neste tjue åra. Dei spelte mellom anna inn Two Against Nature (2000), som vann fire Grammyprisar. Becker gav ut to soloalbum, 11 Tracks of Whack (1994) og Circus Money (2008). Etter å ha kjempa mot spiserøyrskreft, døydde han 3. september 2017.
Solodiskografi
endreSom leiar
endre- 11 Tracks of Whack (1994)
- Circus Money (2008)[3]
Som sidemann eller produsent
endre- 1969 Alias Boona, Terence Boylan
- 1974 First Grade, Thomas Jefferson Kaye
- 1985 Flaunt the Imperfection, China Crisis
- 1986 Zazu, Rosie Vela
- 1987 Light and Shade, Fra Lippo Lippi
- 1989 Diary of a Hollow Horse, China Crisis
- 1989 Flying Cowboys, Rickie Lee Jones
- 1993 Kamakiriad, Donald Fagen
- 1994 Mose the Fireman, John Beasley
- 2005 All One, Krishna Das
- 2005 Tough on Crime, Rebecca Pidgeon
- 2011 Fra Lippo Lippi, Fra Lippo Lippi[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Walter Becker» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «STEELY DAN biography». Great Rock Bible. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Henta 9. januar 2021.
- ↑ Russonello, Giovanni, «Listen to 13 Essential Walter Becker Songs.» New York Times, 2017-09-04. Accessed 10. januar 2021.
- ↑ Jones, Chris (16. juli 2008). «BBC Music Review». BBC. Henta 9. januar 2021.
- ↑ «Walter Becker | Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 8. oktober 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Walter Becker på Allmusic
- Walter Becker-diskografi på Discogs