Two Against Nature

Two Against Nature
Studioalbum av Steely Dan
Utgjeve 29. februar 2000
Innspelt 1997–99
Sjanger
Lengd 51:25
Selskap Giant
Produsent
Steely Dan-kronologi
Alive in America
(1995)
Two Against Nature Plush TV Jazz-Rock Party
(2000)


Singlar frå Two Against Nature
  1. «Cousin Dupree»
    Utgjeve: 1999
  2. «Jack of Speed»
    Utgjeve: 2000
  3. «Janie Runaway»
    Utgjeve: 2000

Two Against Nature er det åttande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Steely Dan. Det var det første studioalbumet deira på 20 år og vart spelt inn frå 1997 til 1999[1] og gjeve ut 29. februar 2000 på Warner Bros. Records.[2]

Two Against Nature fekk god kritikk og vann fire Grammyprisar: Årets album, beste popvokalalbum, beste lyd innan ikkje-klassisk musikk og beste popsong av ein duo eller ei gruppe med vokal (for singelen «Cousin Dupree»). Albumet selde òg godt og nådde sjetteplassen på den amerikanske Billboard 200-lista. I alt selde det meir enn éin million eksemplar,[3] og gav gruppa ei platinaplate i USA.[4]

MottakingEndra

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic77/100[2]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [5]
Entertainment WeeklyA[6]
The Guardian     [7]
Los Angeles Times    [8]
NME7/10[9]
Pitchfork1.6/10[10]
Q     [11]
Robert ChristgauA[12]
Rolling Stone     [13]
Uncut     [14]

Two Against Nature vart møtt med god kritikk då det kom ut.[15]Metacritic, som gjev ein normalisert rating opp til 100 basert på profesjonelle meldinga, har albumet oppnådd 77 poeng av 100, basert på 13 meldingar.[2] I mars 2000 applauderte Robert Christgau for The Village Voice musikken på albumet som eit glimrande «rockecomeback» og ein «meir spretten, surare, vanskelegare og mindre beroligande» utgåve av jazzpopen frå albumet deira Aja frå 1977, og skildra det som «postfunk». Tematisk fann han sameinga av oppdikta, men openbarande forteljingar om «skitne gamle menn» som søker «validering» og «spaning» i sexliva sine, som er «fulle av hissige forelskingar og tilfeldige grufulle, eigenintersserte og sjølvhatande handlingar, og vonde syklusar som bles varmt eller kaldt».[16] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic likte den «skarpe humoren» i tekstane, men var særskild imponert over «djupna og karakteren» i musikken, då han observerte «nesten endelause permuteringar i signaturstilen deira».[5] Pitchfork-skribenten Brent DiCrescenzo hadde ei anna meining og avskreiv songane som «lange og vanskelege å skilje frå kvarandre» og «glansfarga bop-pop» som indikerte at Steely Dan mangla «sjel».[10]

Under Grammyprisutdelinga i 2001 vann Two Against Nature Steely Dan fire prisar: for årets album, beste popvokalalbum, beste lyd for ikkje-klassisk musikk og beste popsong av ei ein duo eller ei gruppe (for singelen «Cousin Dupree»). Bandet var i alle kategoriane i konkurranse med yngre, meir populære artistar, som NSYNC, Britney Spears, Radiohead, Beck og Eminem. I følgje Stereogum-skribenten Zach Schonfeld representerte suksessen til Steely Dan på Grammy-utdelinga «ein hemn for babyboomerar» og bidrog til harme frå yngre lyttarar mot bandet: Synet av to sjølvtilfreds jazzrocknørdar som henta ein Grammy frå Stevie Wonder medan Radiohead og Beck drog heim utan nokre prisar er med på å forklare kvifor så mange Generasjon X-folk og eldre millennials voks opp med å hate Steely Dan og Grammys like mykje. Det er unødvendig å sei at dei elliptiske karakterstudiane til Steely Dan sett til «sleazy» yacht rock, ikkje talte til misnøgd, amerikansk ungdom på same måte som, til dømes The Marshall Mathers LP gjorde.»[17]

Steely Dan marknadsførte albumet med ein turné i Nord-Amerika, Europa og Japan. Turneen vart ein stor suksess og oppmuntra dei til å spele inn albumet Everything Must Go i 2003.[15]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Walter Becker og Donald Fagen.

Nr.TittelLengd
1.«Gaslighting Abbie»5:53
2.«What a Shame About Me»5:17
3.«Two Against Nature»6:17
4.«Janie Runaway»4:09
5.«Almost Gothic»4:09
6.«Jack of Speed»6:17
7.«Cousin Dupree»5:28
8.«Negative Girl»5:34
9.«West of Hollywood»8:21

MedverkandeEndra

Steely DanEndra

Andre medverkandeEndra


ProduksjonEndra

  • Produsentar: Walter Becker, Donald Fagen
  • Leiande lydteknikar: Roger Nichols
  • Lydteknikarar: Phil Burnett, Per-Christian Nielsen, Johan Edlund, Anthony Gorman, Roger Nichols, Ken Ross, Dave Russell, Jay A. Ryan, Elliot Scheiner, Peter Scriba
  • Miksing: Roger Nichols, Dave Russell
  • Mastering: Scott Hull
  • Assistants: Suzy Barrows, Reaann Zschokke
  • Teknikar: Roger Nichols
  • Klipp: Jan Folkson
  • Blåsararrangement: Walter Becker (1), Donald Fagen (1, 2, 4-6), Michael Leonhart (1, 3)
  • Prosjektleiar: Jill Dell'Abate
  • Prosjektkoordinator: Suzana Haugh
  • Konsulent: Michael Leonhart
  • Pianostemmar: Sam Berd
  • Elektrisk piano-teknikar: Edd Kolakowski
  • Design: Carol Bobolts
  • Fotografi: Michael Northrup/Jason Fulford
  • Avskrivar: Michael Leonhart


SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (2000) Plassering
Australian Albums (ARIA)[18] 51
Belgiske album (Ultratop Flandern)[19] 16
Canada Top Albums/CDs (RPM)[20] 6
Nederlandske album (MegaCharts)[21] 19
Finske album (Suomen virallinen lista)[22] 22
Tyske album (Offizielle Top 100)[23] 11
Irske album (IRMA)[24] 17
Den japanske albumlista (Oricon)[25] 24
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[26] 39
Norske album (VG-lista)[27] 7
Skotske album (OCC)[28] 19
Svenske album (Sverigetopplistan)[29] 17
Britiske album (OCC)[30] 11
US Billboard 200[31] 6

ÅrslisterEndra

Liste (2000) Plassering
US Billboard 200[32] 127

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[33] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[34] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[4] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Tingen, Paul (August 2003). «Steely Dan – Recording Everything Must Go». Sound on Sound. Henta 19. januar 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Reviews for Two Against Nature by Steely Dan». Metacritic. Henta 19. januar 2021. 
  3. «'Two Against Nature,' Steely Dan». St. Louis Post-Dispatch. 15. januar 2020. Henta 19. januar 2021. 
  4. 4,0 4,1 «American album salstrofé – Steely Dan – Two Against Nature». Recording Industry Association of America. Henta 19. januar 2021.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  5. 5,0 5,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Two Against Nature – Steely Dan». AllMusic. Henta 19. januar 2021. 
  6. Willman, Chris (6. mars 2000). «Two Against Nature». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 3. juni 2019. Henta 19. januar 2021. 
  7. Cox, Tom (25. februar 2000). «Steely Dan: Two Against Nature (Giant)». The Guardian (London). 
  8. Cromelin, Richard (27. februar 2000). «Rested Steely Dan Reels in '70s on 'Nature'». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 28. september 2014. Henta 19. januar 2021. 
  9. Mulvey, John (2. mars 2000). «Steely Dan – Two Against Nature». NME. Arkivert frå originalen 15. juni 2000. Henta 19. januar 2021. 
  10. 10,0 10,1 DiCrescenzo, Brent (29. februar 2000). «Steely Dan: Two Against Nature». Pitchfork. Henta 19. januar 2021. 
  11. Blake, Mark (April 2000). «Steely Dan: Two Against Nature». Q (163): 94. Arkivert frå originalen 3. desember 2000. Henta 19. januar 2021. 
  12. Christgau, Robert. «Steely Dan: Two Against Nature». RobertChristgau.com. Henta 19. januar 2021. 
  13. Wild, David (16. mars 2000). «Two Against Nature». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 9. mars 2009. Henta 19. januar 2021. 
  14. MacDonald, Ian (March 2000). «Steely Dan: Two Against Nature». Uncut (34): 90. 
  15. 15,0 15,1 Larkin, Colin (2011). «Steely Dan». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 9780857125958. 
  16. Christgau, Robert (14. mars 2000). «Doing It Again». The Village Voice (New York). Henta 19. januar 2021 – via robertchristgau.com. 
  17. Schonfeld, Zach (28. februar 2020). «Two Against Nature Turns 20». Stereogum. Henta 19. januar 2021. 
  18. Kent, David (2006). Australian Chart Book (1993–2005). Australian Chart Book. ISBN 0-646-45889-2. 
  19. "Steely Dan – Two Against Nature" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 19. januar 2021.
  20. "Top RPM Albums: Nummer 9752". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 19. januar 2021.
  21. "Steely Dan – Two Against Nature". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 19. januar 2021.
  22. "Steely Dan: Two Against Nature" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 19. januar 2021.
  23. "Offiziellecharts.de – Steely Dan – Two Against Nature" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 19. januar 2021.
  24. "Steely Dan – {{{album}}}". Irishcharts.com. Hung Medien. Henta 19. januar 2021.
  25. «トゥ・アゲインスト・ネイチャー スティーリー・ダン» (på japansk). Oricon. Arkivert frå originalen 25. juni 2013. Henta 19. januar 2021. 
  26. "Steely Dan – Two Against Nature". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 19. januar 2021.
  27. "Steely Dan – Two Against Nature". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 19. januar 2021.
  28. "20000305 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 19. januar 2021.
  29. "Steely Dan – Two Against Nature". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 19. januar 2021.
  30. "20000305 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 19. januar 2021.
  31. "Steely Dan Album & Song Chart History" Billboard 200 for Steely Dan. Prometheus Global Media. Henta 19. januar 2021.
  32. «Top Billboard 200 Albums – Year-End 2000». Billboard. Henta 20. oktober 2020. 
  33. «Canadian album salstrofé – Steely Dan – Two Against Nature». Music Canada. Henta 19. januar 2021. 
  34. «British album salstrofé – Steely Dan – Two Against Nature». British Phonographic Industry. Henta 19. januar 2021.  Enter Two Against Nature in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go