Walter Zenga

italiensk fotballspelar

Walter Zenga (fødd 28. april 1960) er ein italiensk fotballtrenar og tidlegare målvakt frå Milano som er best kjend for sine år i Inter. Han vann seriegull med klubben i 1989 og to UEFA-cuptitlar i høvesvis 1991 og 1994. I 1990 fekk han ein bronsemedalje då Italia vann bronsefinalen under fotball-VM på eigen grunn.

Walter Zenga
Personleg informasjon
Fullt namn Walter Zenga
Fødselsdato 28. april 1960 (63 år)
Fødestad Milano i Italia
Høgd 188 cm
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1978-1994 Inter 328 (0)
1978-1979 Salernitana (lån) 3 (0)
1980-1982 Sambenedettese (lån) 67 (0)
1994-1996 Sampdoria 41 (0)
1996-1997 Padova 21 (0)
1997-1999 New England Revolution 47 (0)
Totalt 530 (0)
Landslag
1987-1992 Italia 58 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Fotballspelar og -leiar endre

Klubbspel endre

Etter spel i Serie B fekk han kontrakt med Milano-klubben Inter i 1982. Han debuterte i Serie A i september 1983 og vart omgåande fyrstekeeper i klubben, ein posisjon han hadde i 11 sesongar. Han vart italiensk seriemeister med klubben i 1989, og vann UEFA-cupen i 1991 og 1994. Zenga vart årets italienske fotballspelar i 1985, og han vart i tre år på rad, 1989, 1990 og 1991, kåra til verdas beste målvakt.

Sommaren 1994 vart Zenga overført til Sampdoria og deretter i 1996 til Padova. Allereie i 1997 gjekk turen til USA-amerikanske New England Revolution, der han spelte i sesongane 1997 og 1999.

Landslagsspel endre

Zenga spelte totalt 58 landskampar for Italia i tida 1985 til -92, mellom anna deltok han i Sommar-OL 1984, EM i fotball 1988 og i VM i fotball 1990 på heimebane i Italia, der Zenga spelte samtlege kampar for Italia. Han vakta såleis målet då Italia slo England 2-1 i bronsefinalen, ein kamp som fann stad i Bari.

Trenar endre

Etter han la fotballskoa på hylla arbeidde Zenga ein sesong som skodespelar i ein italiensk såpeopera. Han prøvde seg deretter som trenar i den nordamerikanske fotballigaen, utan større suksess.

Han fekk så sjansen i Steaua Bucureşti, og i sesongen 2004/05 trente han laget til rumensk seriemeisterskap. Sesongen 2005/06 trente han det serbiske laget Raude Stjerne Beograd til både seriemeisterskap og cup-meisterskap.

Merittar endre

Spelar endre

  • VM-bronse 1990 for Italia
  • Vinnar av UEFA-cupen 1991 og 1994 med Inter
  • Italiensk seriemeister 1989 med Inter

Trenar endre

  • Rumensk seriegull 2005 til Steaua Bucureşti
  • Serbisk seriegull 2006 til Raude Stjerne Beograd
  • Serbisk cuptriumf 2006 til Raude Stjerne Beograd

Bakgrunnsstoff endre

  • Walter ZengaFIFA sin offisielle nettstad
  • (en) Walter Zenga – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.