Wapusk nasjonalpark

Wapusk Nasjonal Park er ein nasjonalpark i Canada oppretta i 1996 som den 37. i landet. Han ligg 45 kilometer sør for byen Churchill i den nordaustlege delen av provinsen Manitoba, ved breidda av Hudsonbukta. Parken blei oppretta i 1996 og omfattar eit areal på 11475 kvadratkilometer. Han er særleg kjend for den rike førekomsten av isbjørnar, og wapusk tyder ‘kvit bjørn’ på cree. I parken finn ein eit av dei villaste og mest avsidesliggjande landskapa i Canada.

Wapusk nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Canada
Provins Manitoba
Kart
Wapusk nasjonalpark
57°46′26″N 93°22′17″W / 57.7739°N 93.3714°W / 57.7739; -93.3714
Wikimedia Commons: Wapusk National Park

Det finst ei mengd fugleartar i Wapusk nasjonalpark, og han skal vera yngleområde for kortnebbekkasinsnipe.[1] Nasjonalparken er eit viktig oppfostringsområde for isbjørn (Ursus maritimus).[2]

I ein rapport frå 2010 dokumenterte biologar frå American Museum of Natural History og City University of New York at grizzlybjørnar hadde vandra inn i territoriet til isbjørnane. Forskarane hadde gjort sju observasjonar av grizzlybjørnar i Wapusk nasjonalpark sør for Churchill, mellom 2003 og 2008.[3][4]

Historie endre

Wapusk nasjonalpark ligg i ein del av låglandet som omgjev Hudsonbukta. Dette er eit geologisk ungt landskap som er skapt gjennom landhevinga som har føregått og framleis føregår i området siden den seinaste innlandsisen smelta bort for cirka 9000 år sidan. Ein kan sjå spor etter eldre kystlinjer opptil 100 kilometer inne i landet. Dei tidlegaste bevisa for menneskeleg busetnad i området går tilbake til for rundt 3000 år sidan. Arkeologiske undersøkingar tyder på at fleirtalet av dei fyrste busetnadane låg i den nordlege enden av parken og var knytte til kystlinja. Busetnadane var sporadiske og sesonprega.

Dei fyrste europearane kom til Wapusk i 1610, etter at den oppdagingsreisande Henry Hudson gjekk i land i Hudsonbukta. Det budde då cree- og denefolk og inuitar i området. Kontaktane mellom den innfødde befolkninga og europearane var i fyrste omgang berre sporadiske, men kom seinare til å bli stadig meir varige. Historisk blei området forma etter at europearar kom dit av pelshandelen, særleg etter York Fort (seinare kalla York Factory) blei bygt i 1684. I 1717 etablerte òg Hudson's Bay Company ein handelsstasjon ved Churchill-elva.

Kjelder endre

  1. Wells, Jeffrey Vance (2007). Birder's Conservation Handbook: 100 North American Birds at Risk. Princeton: Princeton University Press. ISBN 9780691123226. OCLC 124031808. 
  2. Hogan, C Michael (18. november 2008). «Polar Bear: Ursus maritimus». GlobalTwitcher. Arkivert frå originalen 24. december 2008. Henta 8. juli 2012. 
  3. Walton, Doreen (24. februar 2010). «Grizzlies encroach on polar bear territory». BBC News. Henta 8. juli 2012. 
  4. «Grizzly Bears Move Into Polar Bear Habitat in Manitoba, Canada». Science Daily. 23. februar 2010. Henta 8. juli 2012. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Wapusk nasjonalpark