Warrnambool er ein by ved sørvestkysten av den australske delstaten Victoria. Byen ligg ved den vestlege enden av vegen Great Ocean Road, men blir nådd raskare på Princes Highway. Warrnambool ligg 265 km frå Melbourne. At the 2021 census, Warrnambool had a population of 35,743.[2]

Warrnambool
by
Land  Australia
Folketal 29 661 (9. august 2016)[1]
Kart
Warrnambool
38°23′00″S 142°29′00″E / 38.383333333333°S 142.48333333333°E / -38.383333333333; 142.48333333333
Wikimedia Commons: Warrnambool

Namnet «Warrnambool» er av aboriginsk opphav. Namnet stammar frå Mount Warrnambool, ein kjeglevulkan 25 kilometer nordaust for byen. Warrnambool (eller Warrnoobul) var namnet både på vulkanen og på aboriginarklanen som budde her. «Warnn» viser til ein heim eller ei hytte, medan tydinga til «ambool» no er ukjend.[3][4] William Fowler Pickering, landmålaren for kolonistyresmakte som hadde som oppgåve å planlegga busetnaden i 1845, valde namnet Warrnambool for byen.[5] Dei tradisjonelle eigarane av landet er Dhauwurd wurrung-folk også kjende som gunditjmara.

Deakin University har ein campus i Warrnambool.

Klima

endre

Warrnambool har eit mildt middelhavsklima (Csb) som grensar til kystklima (Cfb). Det er prega av milde, tørre og ujamne somrar og kjølige, regnvåte vintrar med mykje skydekke.

Under heitebølgja i Søraust-Australia i 2009 hadde Warrnambool ein maksimumtemperatur på 44,8 °C (112,6 °F) den 7. februar 2009.[6]

Vêrdata for Warrnambool Airport NDB (1998–2021); 38.29° S, 142.45° E
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 44,3 44,8 40,9 35,6 27,9 22,4 18,5 22,9 26,3 32,7 38,3 44,2 44,8
Gjennomsnittleg maks °C 24,7 24,6 23,1 20 16,5 14,1 13,4 14,3 16 18 20,5 22,6 19
Gjennomsnittleg min °C 11,9 12,4 11 9 7,5 5,8 5,5 5,8 6,7 7,4 9,1 10,2 8,5
Lågast målte °C 2,3 1,8 2 0 −1,7 −3,4 −2 −1,4 −1,7 −1,4 0,8 1,3 −3,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 36,6 30,1 47,3 53,8 76,4 77,6 84,9 93,3 74,5 67,2 50,9 45,4 738
Gns. nedbørsdagar (≥ 0.2 mm) 8,8 8,8 12,7 15,5 20,5 20 21,6 21,9 19,4 17,7 13,8 11,9 192,6
Kjelde: Bureau of Meteorology.[7]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.censusdata.abs.gov.au/census_services/getproduct/census/2016/quickstat/SSC22697.
  2. Australian Bureau of Statistics (28 June 2022). «Warrnambool». 2021 Census QuickStats. Henta 12 October 2022.  }}
  3. Robinson, George Augustus; Clark, Ian D. (1998), The journals of George Augustus Robinson, chief protector, Port Phillip Aboriginal Protectorate, Heritage Matters, ISBN 978-1-876404-03-1 
  4. The Advance Australia (Vol. 15 No. 02 (14 Feb 1911)), Melbourne: F. Davison, 1897, henta 16. september 2020 – via Trove 
  5. «PORTLAND BAY NEWS.». Port Phillip Patriot And Melbourne Advertiser VIII (785) (Victoria, Australia). 23 August 1845. s. 2. Henta 16. september 2020 – via National Library of Australia. 
  6. «WARRNAMBOOL AIRPORT NDB». Climate statistics for Australian locations. Bureau of Meteorology. Henta 10. oktober 2022. 
  7. http://www.bom.gov.au/climate/averages/tables/cw_090186_All.shtml Climate statistics for Australian locations. Henta 11. mars 2022.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Warrnambool