Warszawa-traktaten i 1705

Warszawa-traktaten vart underskriven den 28. november 1705 under den store nordiske krigen.[1] Det var ein fredsavtale og ein allianse mellom Det svenske imperiet og fraksjonen av Det polsk-litauiske samveldet som var lojale til Stanisław Leszczyński.[1][2]

Historisk samanhengEndra

Tidleg i den store nordiske krigen dreiv Karl XII av Sverige eit felttog i Det polsk-litauiske samveldet, der August den sterke, kurfyrsten av Sachsen, hadde vore konge sidan 1697.[3] Karl XII hadde som må å kasta August av trona og klarte å få sin eigen kandidat Stanisław Leszczyński valt til konge av Polen den 12. juli 1704.[3] August sin allierte, Peter den store, tsaren av Russland, var motvillig til å gå ut mot Karl XII i eit stort slag, etter at han hadde tapt stort i Narva i 1700.[3] Ein fraksjon av den polske og litauiske adelen aksepterte ikkje valet av Leszczyński,[3] som hadde valt å ikkje følgje skikkane i samveldet. Sandomir eller Sandomierz-føderasjonen i samveldet støtta August.[4] Dei erklærte valet som ulovleg, og gjorde støttespelarane til Leszczyński som var organisert i Warszawa-føderasjonen lovlause, erklærte krig mot Sverige og allierte seg med Russland i Narva-traktaten.[5]

Ein russisk-saksisk-polsk-litauisk arme vart så samla ved Polotsk (Polatsk, Połock, Polockas),[1][5] ein annan arme i Sachsen,[6] og ein tredje alliert styrke kommandert av general Pajkul rykte fram mot Warszawa,[1] der Karl XII og Leszczyński oppheldt seg.[5] Dei saksisk-polske-litauiske hestane til Pajkul nådde utkanten av Warszawa den 31. juli 1705, der dei vart slått.[7] Armeen ved Polotsk vart nekta å rykke fram vestover av ein svensk styrke under Adam Ludwig Lewenhaupt.[1] Dermed vart Leszczyński krona til konge av Polen i Warszawa den 4. oktober 1705, og Sverige og fraksjonen av samveldet som representerte Leszczyński signerte ein avtale i Warszawa den 28. september.[1]

VilkårEndra

Sverige fekk lov til å okkupere byane og festningane i Det polsk-litauiske samveldet og rekruttere soldatar i området utan restriksjonar.[1][2] Anti-svenske alliansar som var underskriven av samveldet vart erklært ugyldige,[2] og Polen skulle berre skrive under avtalar med samtykke frå Karl XII.[1]

Regionane til samveldet, Kurland, Litauen, Det kongelege Preussen og Rutenia skulle berre eksportere varer gjennom den svenske hamnebyen Riga,[2] den polske hamnebyen Połąga (Palanga, Palonga) i Kurland skulle forlatast.[1][2] I samveldet fekk dei svenske kjøpmennene skattefritak og rettar til å slå seg ned og drive handel.[1]

Avtalen delte vidare områda til samveldet som då var under russisk okkupasjon mellom partane: Områda kring Smolensk og Kiev skulle tilbake igjen til Polen-Litauen, medan Polsk Livland og Kurland skulle gjevast til Sverige då dei var erobra attande.[2]

For framtidige kandidatar til den polske trona, vart avtalen gjort til ein del av pacta conventa, som tydde at alle framtidige kandidatar måtte støtte avtalen.[1]

EtterverknadEndra

Som venta, så gjorde avtalen det umogeleg for ei intern samling av Warszawa- og Sandomir-føderasjonane.[1] Tidleg i 1706 nådde August den sterke Warszawa med ein kavaleristyrke og tvinga Schulenburg til å flytte armeen sin i Sachsen inn i Polen-Litauen.[8] Schulenburg vart avskoren og slått av Rehnskiöld i slaget ved Fraustadt.[6][8] Armeen samla i Polotsk hadde vorte flytta til Grodno (Hrodna, Gardinas, Garten), der han gjekk på eit taktisk nederlag og vart tvungen tilbake austover.[6][8] Karl XII okkuperte så Sachsen og tvinga August til å forlate både den polske krona og sine allierte i Altranstädt-traktaten i 1706.[6][8]

KjelderEndra

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 Bromley (1970), s. 699
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Frost (2000), s. 269
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Anisimov (1993), s. 103
  4. Anisimov (1993), s. 103-104
  5. 5,0 5,1 5,2 Anisimov (1993), s. 104
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Anisimov (1993), s. 105
  7. Bromley (1970), s. 699-700
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Bromley (1970), s. 700
  • Denne artikkelen bygger på «Treaty of Warsaw (1705)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Anisimov, Evgeniĭ Viktorovich (1993). The reforms of Peter the Great. Progress through coercion in Russland. The New russiske history. M.E. Sharpe. ISBN 1563240475. 
    • Bromley, J. S. (1970). Rise of Storbritannia & Russland, 1688-1725. The New Cambridge Modern History 6. CUP Archive. ISBN 0521075246. 
    • Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Harlow: Longman. ISBN 978-0-582-06429-4.