Carl Gustav Rehnskiöld

Carl Gustav Rehnskiöld (skreiv sjølv namnet Rehnschiöldt) (16. august 165129. januar 1722) var ein svensk feltmarskalk og greve. Han var guvernør over Skåne frå 1698 til 1705, vart utnemnd til feltmarskalk i 1706 og vart kongeleg råd i 1719.

Carl Gustav Rehnskiöld

Statsborgarskap Sverige
Fødd 6. august 1651
Stralsund
Død

29. januar 1722 (70 år)
Strängnäs

Yrke militær
Far Gerdt Anton Rehnskiöld
Carl Gustav Rehnskiöld på Commons
Carl Gustav Rehnskiöld (1651 - 1722)

Han hadde kommandoen under det fatale slaget ved Poltava der han vart teken til fange av russiske soldatar, men vende i 1718 tilbake til Sverige, der han kom fram ved avsluttinga av omleiringa av Fredriksten festning og rekte å få nokre ord med Karl XII før Karl døydde.

Bakgrunn endre

Rehnskiöld vart fødd i Svensk Pommern og fekk etter tida ei særs god utdanning, først ved skular i Pommern og Niedersachsen og seinare ved universitetet i Lund. Ved Lund studerte han særleg historie og latin, og blant hans lærekrefter var historikaren og filosofen Samuel von Pufendorf, som la merke til den flinke Rehnskiöld og gav han spesialundervisning.

Militær karriere endre

Rehnskiöld gjekk i 1673 inn i Närke-Värmlands regimentet som fenrik, men alt året etter vart han forfremma som løytnant ved hesteregimentet til enkedronninga. Etter fleire forflyttingar, vart han 12. februar 1676 offiser ved den ettertrakta Livgarden. Under den skånske krigen kom han i kamp første gongen natta mellom 31. juli og 1. august 1676 og utmerka seg alt her og vart nemnd i den daglege rapporten til kongen. Karl XI utnemnde han då til kaptein ved Livgarden og i denne posisjonen deltok han i slaget ved Halmstad to veker seinare. Han utmerkte seg vidare i dei komande kamphandlingane under denne krigen, og vart 5. november 1677, i ein alder av berre 26 år, utnemnd til oberstløytnant. Dei to siste åra av den skånske krigen tenestegjorde han ved fronten i Bohuslän og deltok i hevinga av kringsetjinga av Bohus fästning der han heldt på å bli drepen av norske soldatar.

I perioden fram til utbrotet av den store nordiske krigen tenestegjorde han som generalstabsoffiser og vigde seg til militære studium. I 1689 vart han utnemnd til oberst og fekk kommandoen over eit godt tysk infanteriregiment i svensk teneste.

Då den store nordiske krigen braut ut, var han kongen sin næraste medarbeidar under det suksessfulle slaga ved Narva i 1700 og ved slaget ved Kliszów to år seinare. Sjølv heldt han kommandoen under sigeren i slaget ved Fraustadt i 1706, men måtte tole nederlaget i slaget ved Poltava i 1709. Etter dette sat han i russisk krigsfangenskap fram til 1718, men skal ha sona under gode tilhøve der han pleidde omgang med Peter den store.

Kjelder endre