Watson Escarpment

Watson Escarpment er ein stor skrent i Dronning Maudfjella, som går nordover langs austenden av Scottbreen, så austover til Reedybreen der han snur sørover langs vestsida av isbreen. Stundom bogeforma og nesten 180 km lang med ei høgd på 3550 moh og 1 000 til 1 500 m over det omliggande terrenget. Dei nordlege og sentrale delane av skrenten vart observert frå eit utkikkspunkt på Supporting Party Mountain og var delvis kartlagt i desember 1929 av geologgruppa frå Byrd-ekspedisjonen under Laurence Gould. Skrenten var nøyare undersøkt i desember 1934 av geologgruppa til Byrd-ekspedisjonen under Quin Blackburn og vart namngjeven av Byrd etter Thomas J. Watson, ein amerikansk leiande forretningsmann som støtta ekspedisjonen økonomisk. Skrenten vart kartlagt i detalj av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1960-64.

Watson Escarpment
skrent
Land  Antarktis
Topp Marie Byrd Land
 - koordinatar 86°0′S 145°0′W / 86.000°S 145.000°W / -86.000; -145.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Watson Escarpment
86°S 145°W / 86°S 145°W / -86; -145
Watson Escarpment is located in Antarktis
Watson Escarpment (Antarktis)

Kjelder endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Watson Escarpment» (innhald frå Geographic Names Information System).