Weißspitze
Weißspitze er eit 3 300 meter over havet høgt fjell i Venediger-massivet i Hohe Tauern i Alpane, i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Fjellet er omgjeve av isbreane Frosnitzkees i nordaust, av Äußeres Mullwitzkees i nordvest og Zettalunitzkees i vest, samt i sør av restane av Garaneberkees.
Weißspitze | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Hohe Tauern | ||
Høgd | 3 300 moh. | ||
Primærfaktor | 190 m | ||
Førstestiging | 1881 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Weißspitze | |||
Wikimedia Commons: Weißspitze | |||
Brørne Emil og Otto Zsigmondy gjekk over Wallhorntörl og breen Garaneberkees då dei 8. september 1881 vart dei fyrste fjellturistane på Weißspitze, same dagen som dei gjekk vidare til den 3 451 meter over havet høge Hohe Zaun.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Weißspitze (Venedigergruppe)» frå Wikipedia på tysk, den 1. august 2014.