Werd i Bodensjøen
Werd er ei den største øya i den vesle øygruppa Werdøyane vest i Bodensjøen like før Hochrhein forlet innsjøen. Han ligg i det sveitsiske området mellom Stein am Rhein og Eschenz.
Werd | |||
øy | |||
Werdøyane
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Thurgau | ||
Kommune | Eschenz | ||
Del av | forhistoriske pelehus i Alpene, list of cultural properties in Eschenz | ||
Stad | Bodensjøen | ||
Lengd | 0,19 km | ||
Areal | 0,016 km² | ||
Folketal | 9 | ||
Werd i Bodensjøen 47°39′20″N 8°52′00″E / 47.6556°N 8.86667°E | |||
Wikimedia Commons: Insel Werd |
Historie
endreWerd var alt busett 5000 f.Kr. med styltehus. Ein har funne steinreiskapar frå mellomsteinalderen brukte av jeger-samlarar på øya. Mellom 1931 og 1935 vart det gjort utgravingar på øya under leiinga til Karl Keller-Tarnuzzer.
Vinteren 2005/2006 var tørr og vassnivået i Bodensjøen fall særs lågt. Dette avdekte store område ved breidda og nokre førhistoriske gjenstandar.
Sankt Othmar, den første abbeden i St. Gall-klosteret, vart send i eksil til Werd i 759. Han døydde på Werd den 16. november dette året. St. Othmar-kapellet på øya vart reist til minne om han på 1400-talet.
Øya er i dag eigd av benediktinske Einsiedeln-klosteret. Det vert i dag leigd ut til fransiskanarordenen.
Øygruppe
endreWerd er den største øya i ei lita øygruppe. Ho har eit areal på 1,59 hektar og ligg i kommunen Eschenz. Ho er knytt til fastlandet via ei 125 meter lang trebru.
Dei to mindre øyane i gruppa ligg i kommunen Stein am Rhein i Kantonen Schaffhausen. Dei er ikkje busett og er ein del av eit natur- og fuglereservat.
Galleri
endre-
Brua over til fastlandet
-
Klosteret
-
Spiralar i Rhinen før øya
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Werd (Lake Constance)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Heinz Finke: Inselspaziergänge. Werd, Liebesinsel, Reichenau, Mainau, Dominikanerinsel, Lindau., 1991, ISBN 387685122X
- Karl Keller-Tarnuzzer: Die Inselleute vom Bodensee, 1935
Bakgrunnsstoff
endre- Fransiskanarmunkar på øya Werd Arkivert 2011-08-08 ved Wayback Machine.
- Bilete: Werd sett frå lufta Arkivert 2012-03-26 ved Wayback Machine.