Wheatstraw Suite
Wheatstraw Suite Studioalbum av The Dillards | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1968 | |
Sjanger | Progressive bluegrass | |
Lengd | 27:42 | |
Selskap | Elektra | |
Produsent | Rodney Dillard | |
The Dillards-kronologi | ||
---|---|---|
Pickin' & Fiddlin' (1965) |
Wheatstraw Suite | Copperfields (1970)
|
Wheatstraw Suite er det fjerde albumet til det amerikanske progressiv bluegrass-bandet The Dillards, gjeve ut i 1968. Det er det første albumet til The Dillards der dei gjekk vekk frå den tradisjonelle bluegrass-stilen og nytta i staden fullt orkester, elektriske instrument og stundom trommer.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Rolling Stone | (positiv) [2] |
Bandet hadde gått i retning av ein meir moderne stil i eit par år, og hadde turnert i lag med The Byrds der banjospelaren Doug Dillard spelte ein elektrisk banjo frå Rickenbacker, men det var først på Wheatstraw Suite at dei utforska den nye stilen sin på eit heilt album. Opphavet til albumet byrja då The Dillards for ein kort periode forlet Elektra Records, som hadde gjeve ut dei tre første platene deira, men vore «overraskande mykje i mot» den nye retninga deira. Gruppa spelte inn par folkrocksinglar for Capitol Records, mellom anna ulike versjonar av songar på Wheatstraw Suite. Capitol likte derimot ikkje stilen til The Dillards, og dei signerte ny kontrakt med Elektra, som no var villige til å prøve ein ny, meir kommersiell stil.
Men Doug Dillard var misnøgd med den nye retninga og slutta brått i gruppa. Ironisk nok kom han kort tid etter til å skipe eit liknande countryrockband med det tidlegare Byrds-medlemmet Gene Clark som Dillard & Clark. The Dillards henta inn multi-instrumentalisten Herb Pedersen for å erstatte Doug på banjo. Pedersen kunne òg spele gitar og delte solovokalen med Rodney Dillard.
Gruppa hadde alt opparbeidd seg mange songar i perioden deira for Capitol. Albumet inneheld sju originale songar og seks coverversjonar, som hovudsakleg kom frå samtidige rock- og popmusikarar, og ikkje tradisjonelle songar som tidlegare. The Dillards blanda pop og bluegrass på ein måte som bana veg for ein generasjon av country- og folkrock-artistar, noko som gjer dette til eit av dei mest innverknadsrike albuma deira.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I'll Fly Away» | Albert E. Brumley | 0:39 |
2. | «Nobody Knows» | Mitch Jayne, Rodney Dillard | 2:15 |
3. | «Hey Boys» | The Dillards | 2:27 |
4. | «The Biggest Whatever» | Mitch Jayne, Rodney Dillard | 2:15 |
5. | «Listen to the Sound» | Herb Pedersen, Mitch Jayne | 2:36 |
6. | «Little Pete» | Herb Pedersen, Mitch Jayne | 1:58 |
7. | «Reason to Believe» | Tim Hardin | 2:25 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
8. | «Single Saddle» | Arthur Altman, Hal David | 1:22 |
9. | «I've Just Seen a Face» | John Lennon, Paul McCartney | 1:55 |
10. | «Lemon Chimes» | Bill Martin, Rodney Dillard | 3:12 |
11. | «Don't You Cry» | The Dillards | 1:50 |
12. | «Bending the Strings» | Allen Shelton | 1:26 |
13. | «She Sang Hymns Out of Tune» | Jesse Lee Kincaid | 3:20 |
Medverkande
endreThe Dillards:
- Rodney Dillard - solovokal, rytme- og sologitar, dobro, pedalsteelgitar
- Herb Pedersen - solovokal, rytmegitar, banjo
- Dean Webb - mandolin
- Mitch Jayne - akustisk bass
- Andre musikarar
- Buddy Emmons - pedalsteelgitar
- Joe Osborn - elektrisk bass
- Toxey French - trommer
- Jimmy Gordon - trommer
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wheatstraw Suite» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Notat i Collector's Choice-utgåva av Wheatstraw Suite, skriven av Richie Unterberger.
- ↑ Wheatstraw Suite på Allmusic
- ↑ Bickhart, Jim (14. juni 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (35): 37.