Douglas Flint Dillard (6. mars 193716. mai 2012) var ein USA-amerikansk musikar kjend som banjoist og for å ha delteke i utviklinga av countryrocken seint i 1960-åra.

Doug Dillard

Rodney og Doug Dillard (høgre) i 2007 på Huck Finn Jubilee i Ontario i California
Fødd6. mars 1937(1937-03-06)
FødestadEast St. Louis i Illinois
Død16. mai 2012 (75 år)
DødsstadNashville
FødenamnDouglas Flint Dillard
OpphavUSA
Aktiv1953–2012
SjangerBluegrass, country, akustisk musikk, folkemusikk
InstrumentBanjo
Tilknytte artistarThe Dillards, Gene Clark, Dillard & Clark
Verka somMusikar

Biografi endre

Dillard voks opp på ein gard nær Salem i Missouri og byrja å spele gitar og fele som femåring og banjo som 15-åring.[1] 19 år gammal spelte Dillard fast på eit radioshow som gjekk kvar veke i Salem.[2]

Frå 1956 til 1959 var Doug grunnleggjande medlem i The Ozark Mountain Boys med den yngre broren Rodney og Bill Glenn, Henry og Jim Lewis og Paul Breidenbach. Mitch Jayne (framtidig medlem av The Dillards) inviterte The Ozark Mountain Boys til å spele på laurdagsprogrammet sitt, «Hickory Hollow».[1]

I 1958 vart Doug og Rodney med i The Dixie Ramblers, basert i St. Louis. Andre medlemmar i dette bandet var mellom andre John Hartford (som ofte hadde spelt fele med far til Dillard), Buddy Van Hoosier og Joel Noel.[1]

Doug og Rodney byrja å spele på eiga hand og spelte inn ein singel, «Banjo in the Hollow» for K-Ark Records, etterfølgd av tre singlar til. I lag med Dean Webb (mandolin) og Mitch Jayne (bass) skipa dei The Dillards i 1962. Inspirert av populariteten sin på universiteta flytta The Dillards til Los Angeles. Dei deltok på fleire nattlege konsertar på klubbane i byen og fekk så kontrakt med Elektra Records.[1][3] Dei fekk prøvespele i rolla som den musikalske familien på The Andy Griffith Show.[4] I lag med Denver Pyle og Margaret Ann Peterson var dei The Darlings of Mayberry frå 1963 til 1966.[1] Doug fekk namnet Jebbin Darling. Dei deltok berre seks gonger, men vart rekna som medverkande i å føre bluegrassmusikken ut til eit større publikum.[5] Dette førte til framføringar på showa til Judy Garland og Tennessee Ernie Ford, og andre varietéshow.[2]

Doug og Rodney Dillard skipa The Folkswingers, eit sideprosjekt i lag med Glen Campbell og Tut Taylor. The Folkswingers spelte inn to album for World Pacific.[3]

I 1968 slutta Doug i The Dillards og vart med The Byrds på den første europeiske turneen deira. Han slo seg saman med Gene Clark for å spele inn to album som Dillard & Clark.[6] Andre musikarar i bandet var Bernie Leadon, Mike Clarke og Byron Berline.[1] Dei blanda banjo, fele, trommer, elektriske gitarar, steelgitar og klaverinstrument og Dillard og Clark spelte ei viktig rolle i utviklinga av countryrocken.[5] Andre band følgde etter kort tid stilen deira, som The Flying Burrito Brothers, Poco og Eagles.[7]

I 1966 spelte Doug og Rodney Dillard inn musikk for filmen Bonnie and Clyde.[8] Dillard spelte banjo på Glen Campbell si innspeling av John Hartford sin «Gentle on My Mind.» Denne innspelinga vann fire Grammyprisar i 1968.[9]

I 1969 spelte Doug in Banjo Album,[10] og følgde på med fleire soloprosjekt.[1] Han spelte òg mykje som studiomusikar, mellom anna for fjernsynsreklamar og filmar.[7]

I 1982 skipa han The Doug Dillard Band. The Dillards vart samla att ei kort stund i 1986 fo å spele i TV-filmen Return to Mayberry. Dei turnerte òg som The Original Dillards.[4]

Dillard leid av ei punktert lunge og utvikla ein lungeinfeksjon han døydde av på eit sjukehus i Nashville. Han slutta å turnere fleire år før han døydde, men spelte stundom i studio og på eit par konsertar.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Uncredited (18. mai 2012). «Obituary for Douglas Flint Dillard (1937–2012)». The Andy Griffith Show" Rerun Watchers Club (TAGSRWC). Henta 2. januar 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Lewis, Randy (18. mai 2012). «Doug Dillard dies at 75; banjo player, member of the Dillards band». Los Angeles Times. Henta 2. januar 2019. 
  3. 3,0 3,1 Thorn, Steve (July 1, 2012). «Doug Dillard: An Appreciation». San Diego Troubadour. Arkivert frå originalen 4. januar 2019. Henta 2. januar 2019. 
  4. 4,0 4,1 Kienzle, Rich (May 18, 2012). «Banjoist Doug Dillard, of Mayberry's Darling Family, dies at 75». Pittsburgh Post-Gazette. Arkivert frå originalen 3. januar 2019. Henta 2. januar 2019. 
  5. 5,0 5,1 Keepnews, Peter (28. mai 2012). «Doug Dillard, Bluegrass Banjo Virtuoso, Dies at 75». New York Times. Henta 2. januar 2019. 
  6. staff writer (18. mai 2012). «Dillard & Clark: Celebrating an unsung L.A. countryrock classic». Los Angeles Times. Henta 2. januar 2019. 
  7. 7,0 7,1 Gabehart, James (May 22, 2012). «Doug Dillard: Bluegrass Banjo Giant, Country-Rock Pioneer». Bluegrass Today. Henta 2. januar 2019. 
  8. >Rhodes, Don (27. april 2006). «The Dillards have taken bluegrass to television, movies». The Augusta Chronicle. Henta 2. januar 2019. [daud lenkje]
  9. Sawyer, Bobbie Jean (1. januar 2017). «The Dillards: From Mayberry’s Darlings to Progressive Bluegrass Pioneers». Wide Open Country. Henta 2. januar 2019. 
  10. uncredited (31. mai 2012). «Douglas Dillard «The Banjo Album»». The Rising Storm. Henta 2. januar 2019. 

Bakgrunnsstoff endre